Tidlegare politibetjent hjelper unge som slit. 8 av 10 har fått racerfart på livet

BERGEN (NRK): 80 prosent av ungdommane har kome seg tilbake til skule eller jobb etter å ha vore gjennom programmet til den tidlegare politibetjenten.

Pitstop

PITSTOP: Både racerbilar og ungdom som slit må av og til gjere eit lite pitstop for å få hjelp til å koma på riktig spor igjen.

Foto: Valentina Baisotti / NRK Hordaland

– Akkurat no føler eg på glede, energi og adrenalin. Det er noko eg har lyst til å føla meir på, seier Iselin Marie Tvedt (16).

Ho er ein av nærare 100 ungdommar som har delteke i «Pitstop», det nye private aktivitetstilbodet for ungdommar som har falle utanfor skule eller arbeid. Ho fortel om problem i kvardagen og negative tankar.

– Eg treng å kome meg ut blant folk og ha positiv energi rundt meg, seier ho.

Gode resultat

«Pitstop» vart starta av tidlegare politibetjent Annette Lilletvedt for tre år sidan. Det er eit køfritt tiltak som skal hjelpa ungdom tilbake i skule eller arbeid.

– Mange ungdommar står i kø for å få behandling og kome inn i eit Nav-tiltak. Medan dei ventar, blir dei ofte sjukare. Då aukar problema, seier Lilletvedt.

I dette tiltaket skal ungdommane sleppa å senda omfattande søknadar, og få raskt innpass. Dette trur Lilletvedt er grunnen til at tiltaket har lukkast med å få heile 80 prosent tilbake til ein kvardag som fungerer.

Anette Lilletvedt

ENTREPRENØR: Det er tidlegare politibetjent Anette Lilletvedt som har starta opp programmet, "Pitstop".

Foto: NRK

– Eg trur noko av suksessen skuldast at me er tidlegare ute og tettare på med skreddarsydde løysingar. Hos oss kjem ungdommane fort inn og får hjelp med ein gong. Me klarer samtidig å skape ein trygg arena for ungdommane ved at me er tett på. Me er åtte personar på jobb saman med ca. 15 ungdommar kvar dag, seier Lilletvedt.

Ungdommane er som racerbilar

Namnet på programmet er inspirert av motorsporten Formel 1.

– Det er som med racerbilane som susar rundt ei bane. Innimellom må dei gjera eit lite «pitstop» for å fylla drivstoff, skfita dekk og liknande. På same måte treng ungdommane påfyll av motivasjon og hjelp til å endra destruktive tankemønster, seier Lilletvedt.

Lilletvedt kallar det eit treningsprogram. I seks månader møtest ungdommar tre dagar i veka til samtalar, utflukter og kreativt arbeid.

Velina Vorland (17) er ei av dei unge som deltek i programmet. Ho seier det har vore til stor hjelp for å få tilbake motivasjonen.

Velina Vorland

MOTIVERT: Velina Vorland (17) er meir motivert for å starte kvardagen igjen etter å ha deltatt i programmet «Pitstop».

Foto: NRK

– Før eg starta her hadde eg null interesse for skule og hadde problem med å stå opp om morgonen. No har eg lyst til å gå ut og arbeide, seier ho.

Vil utvida

I dag er programmet for unge frå Fjell, Sund, Øygarden og Askøy kommune. Med hjelp av fagarbeidarar og sponsorar er målet å få prosjektet ut til heile Hordaland.

Innovasjon Norge er ein av fleire sponsorar som har tru på prosjektet.

– Ved å gå gi midlar til oppstarten av dette prosjektet, vil samfunnet spara mykje pengar i framtida, seier Christopher Rosenkilde, seniorrådgivar i Innovasjon Norge.

Får Lilletvedt det slik ho ønskjer, vil prosjektet bli utvida til heile landet.