Hopp til innhold

Her låg Jon Håkon medan han vart innsett som ordførar

Jon Håkon Odd (37) skulle i dag fått ordførarkjeda i Leikanger rundt halsen. I staden måtte han sjå innsetjinga i kommunestyret via Facetime – frå ei sjukehusseng i Førde.

Jon Håkon Odd

VED GODT MOT: – Eg gler meg veldig til å ta fatt på ordførargjerninga, seier Jon Håkon Odd frå sjukesenga på Førde sentralsjukehus.

Foto: Monica Oppedal

– Det var ei veldig spesiell kjensle, og eg kjende det kribla både her og der, seier Odd, som representerer Arbeidarpartiet.

Han håpte i det lengste at han skulle kare seg på plass i kommunestyresalen i Leikanger, men det sette både legane og primært ryggen ein effektiv stoppar for.

– Eg var rimeleg fortvila i går. Men då eg fekk forsona meg med at det var her eg vart liggjande, så gjekk det greitt, seier Odd.

Han takkar gode kollegaer i det nye kommunestyret på Leikanger for at han fekk følgje konstitueringa via både Facetime, bilete og videosnuttar på mobiltelefonen. Odd vart samrøystes valt til ordførar.

– Eg vart halden godt oppdatert, og det er eg takksam for, seier den rykande ferske ordføraren.

Fekk huset fullt av naudetatar

Men veka, som skulle vere eit politisk høgdepunkt, vart litt over snittet dramatisk for Odd. Etter å ha slite med kink i ryggen ei stund, våga han seg ut på TV-aksjonen på krykker med ungane sine. Det skulle han kanskje ikkje ha gjort.

– Eg var på badet då ryggen rett og slett svikta. Eg låg bom fast med veldige smerter, seier Odd.

Så gale var det at både ambulansepersonell og mannskap frå brannvesenet måtte hjelpe til for å få buksert politikaren ut i ambulansen. Så bar det strake vegen til Førde sentralsjukehus.

– Det var ikkje så kjekt medan det stod på. Men her på sjukehuset vert eg teken godt vare på. Eg er glad for å vere omgitt av så kompetente folk. Men prolapsane i ryggen tek tid å lækje, seier Odd.

Varaordføraren må trø til

Sidan han førebels ikkje veit når han kan ta i bruk ordførarkontoret på Leikanger, tek den nye varaordføraren Trude Risnes frå Venstre kunnig hand om klubba så lenge.

– Eg gler meg veldig til å ta fatt, seier Odd.

– Sjølv om du gjekk glipp av innsetjinga, så vert det kanskje ein høgtidsam seanse når du kjem på plass?

– Eg håpar vi kan få til noko og gjere det litt høgtidsamt. Det er stort å få bli ordførar, seier Odd.