Hopp til innhold

Tibber får rekordgebyr på 8 millionar

Straumselskapet Tibber får eit gebyr på 8 millionar kroner etter forskotsfakturering av kundane sine med feil pris hausten 2022.

Edgeir Aksnes, Tibber

REKORDGEBYR: Dagleg leiar i Tibber Edgeir Aksnes seier dei tek ansvar for feilen og aksepterer gebyret.

Foto: Gaute Haaversen-Westhassel

Reguleringsmyndigheita for energi (RME) gjev Tibber eit gebyr på 8 millionar kroner.

Bakgrunnen er at Tibber gjekk over til forskotsfakturering i september 2022 og brukte feil pris.

– Dette er det grovaste tilfellet eg kjenner til, seier Torfin Jonassen seksjonsleiar i RME.

I vedtaket er det lagt til grunn at Tibber Noreg AS har vore klar over at den metodikken som selskapet nytta hausten 2022 var i strid med reglane.

RME har lagt vekt på dette som eit skjerpande element i denne saka.

– Vi hadde ein dialog med Tibber i forkant der vi klargjorde kva som var tillate og ikkje, likevel forskotsfakturerte dei med ein for høg pris, seier Jonassen.

NRK har førelagt kritikken ovanfor dagleg leiar Edgeir Aksnes i Tibber.

– Vi gjorde undersøkingar på kva som var rett framgangsmåte og trudde vi gjorde det, men brukte feil straumbørs då prisane vart sett. Dette var ei feiltolking av reglane, seier Aksnes.

Les også Tone og andre Tibber-kundar fortvilar: Selskapets krisegrep gir dobbel rekning

Tone Linn Knutsson

Selskapet fekk sterk kritikk for endringa dei gjorde hausten 2022.

Forbrukartilsynet varsla omgåande at praksisen var ulovleg.

– Forbrukarar kan vere tente med avtalar som inneber forskotsfakturering, men faktureringa må vere føreseieleg og kunne etterprøvast. Slik vi vurderer Tibber Noreg praksisen sin i denne konkrete saka, er ikkje dette tilfellet, seier direktør i RME Tore Langset i ei pressemeldinga.

Eit straffegebyr på 8 millionar kroner er det største RME har gitt til noka verksemd.

Til Europower vedgår Aksnes feil dei første to vekene i oktober 2022 i samband med den mellombelse perioden med førehandsfakturering.

Aksnes seier til NRK at dei tek ansvar for feilen og aksepterer gebyret. Han presiserer at dei korrigerte feilen med det same RME gjorde dei merksame på den.

– Som eit ansvarleg selskap skal vi sjølvsagt følgje lover og forskrifter, og vi beklagar på det sterkaste at ein slik feil slapp gjennom hos oss, seier han.

Den omstridde faktureringa førte til at fleire kundar forlét straumselskapet i 2022.

Les også Omdømmekrise for straumselskap: – Difor forlèt vi Tibber

Tibber-montasje