Hopp til innhold

Eksperten sine ti råd: Slik kan elsparkesyklar bli ein suksess

GPS-gjerde, tvungen fartsgrense og eigne parkeringsplassar. Slik kan elsparkesykkel-kvardagen bli i framtida.

Grønne elsparkesykler ligger hulter i bulter på gaten i Bergen

DEBATT: Desse grøne elsparkesyklane har skapt debatt i fleire norske byar dei siste åra, sist i Bergen denne veka.

Foto: Per Vidar Raunholm / NRK

Det er Transportøkonomisk institutt (TØI) som står bak råda som skal skape ein betre elsparkesykkel-kvardag for meg og deg i framtida.

I Noreg har det skapt debatt og temperatur kvar gong dei dukkar opp i norske byer. Sist i Bergen, då selskapet Ryde plasserte 500 av dei i sentrum utan å spørje om lov.

TØI og transportforskar Nils Fearnley er sikker i si sak: Elsparkesyklar er eit transportmiddel for framtida.

– Dei fleste byane over heile verda ønskjer sparkesyklane velkommen, og ser at dette er eit attraktivt, populært og fleksibelt transporttilbod, seier Nils Fearnley som er forskingsleiar ved Transportøkonomisk institutt (TØI).

Men kva skal til for at dei skal bli ein suksess?

– Det Bergen har gjort feil er å vere treige og restriktive, seier Fearnley som meiner bestemt at det er ti grep ein kan ta for å få det til.

1. Parkeringskaoset

Elektrisk sparkesykkel foran Eiffeltårnet

I Paris har dei 2500 små parkeringsplassar til elsparkesykkel. Det bør norske byar la seg inspirere av.

Foto: Ludovic Marin / AFP

Parkeringskaoset er det største problemet med elsparkesyklane. Det er spesielt to ting som er viktige for elsparkesuksess her:

Areal til parkering. I Paris er det målt opp 2500 små areal rundt om byen til sykkelparkering. Her er det plass til mange elsyklar på lite areal. Andre byar har parkering for elsparkesyklar kvar 100 meter med bilparkering - eller brukar plassen før fotgjengarfelt.

I neste omgang må det på plass tydelege reglar for parkering.

2. «GPS-gjerde» og fartsgrense

En mann kjører elsparkesykkel i Trondheim

Med GPS-system kan farten på elsparkesyklar justerast - og delar av ein by kan sperrast heilt av for syklane.

Foto: Morten Andersen / NRK

Avgrense område der det ikkje er lov å køyre elsparkesyklar.

Dette kan gjerast i GPS-kartsystema som elsparkesyklane brukar, ved at syklane ikkje har lov å køyre i ulike delar av ein by.

Til dømes kan ein sperra av delar av byen for elsykkel-selskap når det er store arrangement eller samlingar av folk, som på 17. mai.

Dei same systema kan brukast til å setje bestemte fartsgrenser i ulike soner i ein by.

TØI foreslår at det bør utarbeidast eit felles regelverk i kartet som viser kor det er forbode å køyre elsparkesykkel og kor det ikkje er lov å parkere.

3. Tryggleik først

Elsparkesykkel Aker Brygge Truls Antonsen

God og trygg veg for elsparkesyklar er også viktig, som for denne karen på Aker Brygge i Oslo.

Foto: Truls Antonsen / NRK

Elsparkesyklar har om lag ti gongar så høg ulykkesrisiko som vanlege syklar. Dei fleste ulukkene involverer éin sparkesykkel, og skyldast infrastruktur som underlag, hol og trikkeskjener. Andre ulykker involverer bil.

– Lokale myndigheiter sørge for godt vedlikehald, og ein bør separere mjuke og harde trafikantar, seier Fearnley.

Han legg til at ein også bør vurdere å stenge tilbodet på nattetid.

4. Handhev reglane

Fjernar sparkesyklar

Bergen kommune henta denne veka inn elsparkesyklar som stod parkert slik at dei stod i vegen for andre trafikantar.

Foto: Per Vidar Raunholm / NRK

Reglar må følgjast!

Brot på retningslinjer bør føre til bøtelegging, både når det gjeld aktørar og brukarar.

– Feilparkering, manglande sikkerheitsutstyr og inntauing er eksempel på ting som bør få konsekvensar, seier Fearnley i TØI.

Folk som brukar syklane kan bil bøtelagde for brot på trafikkreglar og parkeringsreglar. Ifølgje TØI blir det skrive ut tusenvis av bøter kvart år i Paris og Barcelona.

Men også selskapa bak kan få bøter, for feilparkering, køyretøy som står til hinder eller manglande sikkerheitsutstyr.

5. Ikkje makstak for syklar

Elsparkesyklar i Molde

Denne gjengen er tydelegvis glade for å køyre avgårde på elsparkesykkel i Molde.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Sett heller grense for mange selskap som kan operere i ein by - enn å setje eit makstak for talet på syklar.

For å levere eit godt tilbod og tene pengar på drifta treng kvart selskap ein del syklar. Fearnley trur mange små aktørar kan føre til meir kaos og skape eit dårlegare tilbod.

– Men ein kan likevel sette eit tak på kor mange elsparkesyklar som kan vere i omløp totalt sett, seier han.

6. Ta styring

Thor Haakon Bakke saman med ein elektrisk sparkesykkel.

Miljøbyråd Thor Håkon Bakke (MDG) er ikkje fan av elsparkesyklane i Bergen, sjølv om dei er miljøvennlege. Men Bakke og Bergen har også fått kritikk for å ta for lite kontroll på situasjonen.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Aktørane som driv med elsparkesyklar ønsker seg spelereglar, og her kan byane ta initiativ.

– Det har vist seg at ein uregulert marknad ikkje er løysinga fordi det skapar kaos og inviterer useriøse aktørar inn. Det gjer eigentleg byen til ein verre stad å vere for veldig mange innbyggjarar, avsluttar han.

7. Ikkje drep interessa

Studenten Tin Tang ruller rundt på sparkesykkel i sentrum av Oslo. Han er opprinnelig fra Vietnam, men bor med familien i Norge. Nå er alle skoler stengt. - Jeg føler meg usikker når jeg går ut, hvor det er mange folk, sier han til NRK. Han bruker munnmaske. - Jeg må beskytte meg selv, og beskytte andre. Jeg vet jo ikke om jeg har koronavirus eller ikke, så jeg prøver å beskytte meg selv og andre. Livet fortsetter i Oslo tross strenge restriksjoner innført av regjeringen. Fotografert 13. mars 2020. Foto: Eskil Wie Fur

Studenten Tin Tang ruller rundt på elsparkesykkel i Oslo.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Sjølv om det skal vere tydelege reglar, må det ikkje blir for mange.

Over-regulering kan føre til at ein hindrar innovasjon, utvikling og lønnsemd.

Dette kan kvele marknaden, slik at aktørane forsvinn, meiner TØI.

– Hald reguleringane på eit minimumsnivå, oppmodar Fearnley.

8. Krev data

Elektriske sparkesykler i USA

Kvar elsparkesykkel er ein liten base med reisedata om meg og deg. Her frå SXSW i Austin, Texas.

Foto: Ståle Grut / NRKbeta

Elsparkesyklar sitt GPS-system samlar inn enorme data om korleis vi brukar syklane.

Og med det: Korleis folk flyttar på seg.

Her kan samfunnet tene mykje på å få tilgang på tala.

TØI sitt råd: Kommunen bør krevje data frå aktørane, både for å kunne forstå reisestraumane, utvikle regelverket og planlegge betre.

Dette kan igjen nyttast til å forstå reisemønster, planlegge for trafikk i byane - og levere til ulike reiseappar på mobil.

9. Prøv først

Elsparkesykkel i Stavanger
Foto: Morten Nesvik

Teknologi og marknad er i rask utvikling. Alt vi må forhalde oss til av reglar bør vere fleksible og avgrensa i tid.

Difor kan testprosjekt og prøveprosjekt vere første steg for alle som skal ta i bruk elsparkesyklar.

Kommunen bør også invitere til og krevje at aktørar blir med på å evaluere.

10. Gje det tid

Veltet elsparkesykkel i Oslo
Foto: Thor-Albert Frøsland / NRK

TØI sitt siste råd til alle som vil satse på elsparkesyklar: Mykje vil gå seg til.

Etter kvart som syklane blir betre, folk blir flinkare å bruke det og selskapa blir meir organiserte roar ting seg over tid.

Den viktige føresetnaden: Myndigheitene må ta ballen.

Då vil det meste løyse seg, ifølge transporteksperten: Generell aksept og haldningar, tryggleik, parkering, forsøpling og oppførsel i trafikken.