Hopp til innhold

Testar «timeout» mot dommarkjeft

Pilotprosjekt for å få slutt på dårleg oppførsel mot fotballdommarar vekkjer sterkt engasjement i Sogn og Fjordane.

Trening Førde IL 2. Benny Rivedal er trenar

SESONGSTART: Førde IL 2 er snart klar for ein ny sesong der kjefting på dommaren kan få større konsekvensar.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Eg har aldri sett ein dommar ombestemme seg fordi ein spelar kjeftar, seier Benny Rivedal, trenar for Førde IL 2.

Med lang fartstid som spelar og trenar, forstår Rivedal at fotball byr på sterke og spontane kjensler. Samstundes irriterer han seg over spelarar som kjeftar på seg gule kort.

Denne sesongen kan eit slikt gult kort i tillegg gi Rivedal sine spelarar – og motstandarar – ein ti minutt lang «time out».

Benny Rivedal trener Førde IL2

– Vi er nok ikkje det laget som er verst, men vi har eit par spelarar det kan gå ei kule varmt for, seier Rivedal.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Ti minutt lang utvising

Sogn og Fjordane fotballkrets prøver i år ut ei ordning med mellombels utvising for protestar mot dommaravgjerder.

Jarle Christensen

– Kvifor er det slik at det i fotballen skal vere heilt greitt å kjefte på dommaren, spør Jarle Christensen retorisk. Han er dagleg leiar i NFF Sogn og Fjordane

Foto: Hildegunn Hove / Hildegunn Hove, NFF Sogn og fjordane

Ordninga gjeld frå 4. divisjon på herresida og 3. divisjon på kvinnesida og heilt ned til 13-årsklassa.

Fungerer prøveordninga godt, kan «time out-en» bli ein realitet også i andre kretsar.

– Vi ønsker fleire dommarar og vi ønsker å ta vare på dei dommarane vi har. Då kan tiltak som dette vere til hjelp, seier Jarle Christensen, dagleg leiar i NFF Sogn og Fjordane.

Over heile landet slit fotballkretsane med å rekruttere nye dommarar. At dommarane blir utsett for kjeft og dårleg oppførsel kan vere ei årsak.

Skaper reaksjonar

Ikkje alle er like trygge på at mellombels utvising får bukt med dårleg oppførsel retta mot den svartkledde.

På fotballkretsen sine Facebooksider har ordninga fått positiv respons, men også reaksjonar som «håplaust» og «idioti»:

Skjermdump/Facebook reaksjoner "timeout"
Reaksjoner "timeout"
Skjermdump reaksjoner "timeout"
Reaksjoner "timout"
Skjermdump "timeout"
Skjermdump reaskjoner "timeout"

– Kanskje vil laget som får ein spelar utvist legge seg bakpå og hale ut tida i ti minutt, spekulerer Stian Aaland, som har tolv år bak seg som dommar.

Han har større tru på å bruke dei verkemidla dommaren allereie har.

– Om det har vore vanskeleg å gi gult kort for protestar før, så blir det kanskje ikkje enklare å gi gult kort når det også følgjer ei utvising med.

Elias Lekva og Elias Neset

Elias Lekva og Elias Neset er skeptiske til den nye prøveordninga.

Foto: Oddmund Hauge / NRK

Elias Lekva og Elias Neset skal snart sparke i gang ein ny sesong med Førde IL 2. Også dei er skeptiske til ordninga.

– Ti minutt er veldig lenge. Det kan fort bli avgjerande for kampen, seier Lekva.

Førde 2-spelarane trur dommarar blir utsette for unødig mykje tyn. Dei er likevel usikre på om mellombels utvising er rett reaksjon.

– Det er for strengt. Dommarane får heller vere raskare oppe med det gule kortet, så blir det fort raudt om ein ikkje gir seg, seier Neset.

– På høg tid å ta grep

I ein rapport NFF utarbeidde etter 2023-sesongen kjem det fram at kvar femte dommar har opplevd truslar, hets, mobbing eller trakassering.

Ein prosent har opplevd vald.

Trond Ivar Døvle, fagansvarleg for dommarutvikling i NFF, meiner det er på høg tid å ta grep for å endre haldningane mot dommarane.

– Det har blitt ein slags aksept for at spelarar kjeftar på dommaren, seier Døvle.

– Slik er det ikkje i andre idrettar, men i fotballen har det over mange år utvikla seg ein kultur for at dommaren er blitt ein slags «frustrasjonssamlar».

Benny Rivedal. Trener for Førde IL2

– Fotball er spontant, seier Rivedal. Han håpar dommarane ikkje legg lista for utvisingane for lågt.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Sogn og Fjordane einaste krets

Døvle trur at tiltaket som blir testa ut i Sogn og Fjordane kan bidra til å endre haldningane.

Fleire fotballkretsar fekk tilbod om å prøve ut ordninga. Berre Sogn og Fjordane takka ja.

– Dei var einaste krets som hadde tid og ressursar til å implementere og følgje opp prøveordninga på ein god måte, seier Døvle.

Han er glad for at Sogn og Fjordane er positive til å gjere tiltak for å betre oppførselen mot dommarar. Dei er ein av kretsane der flest dommarar oppgir at dei har vore utsette for uønskte opplevingar.

Andel dommarar som har opplevd uønska hendingar

Trusler og hets

Vold

Sosiale medier

Seksuell trakassering

Agder

14%

2%

3%

0%

Akershus

29%

1%

3%

1%

Buskerud

24%

4%

9%

3%

Finnmark

22%

0%

4%

0%

Hordaland

27%

1%

7%

2%

Hålogaland

15%

9%

9%

3%

Indre Østland

19%

3%

7%

1%

Nordland

15%

0%

9%

3%

Nordmøre og Romsdal

14%

2%

6%

0%

Oslo

26%

1%

3%

6%

Rogaland

26%

1%

6%

1%

Sogn og Fjordane

29%

0%

11%

3%

Sunnmøre

11%

0%

5%

0%

Telemark

17%

0%

2%

4%

Troms

25%

2%

5%

7%

Trøndelag

20%

1%

5%

2%

Vestfold

13%

0%

4%

4%

Østfold

17%

3%

5%

2%

Ekspander/minimer faktaboks

Andel dommarar som har opplevd uønskt hendingar

Gode erfaringar frå England

NFF viser til at ei liknande ordning blei testa i breiddefotballen i England. Her skal ordninga ha gitt ein nedgang på nesten 40 prosent i tal på åtvaringar for protestar.

Portrett av Trond Ivar Døvle.

Fagansvarleg for dommarutvikling i NFF, Trond Ivar Døvle, seier det førebels er uvisst korleis prøveprosjektet blir teken vidare.

Foto: Privat

Over 70 prosent av både spelarar og trenarar som var med på prosjektet ønska at det skulle bli vidareført.

Hos dommarane i prosjektet var talet heile 84 prosent.

Kva som skjer vidare etter pilotprosjektet i Noreg er førebels uvisst.

– Eit av fleire alternativ er å prøve det i fleire kretsar. Først blir det evaluering av piloten, så tek vi diskusjon på vegen vidare, seier Døvle.