Hopp til innhold

Hannu (27) kan vere den nye stopparkjempa i Sogndal

Den finske midtstopparen Hannu Patronen (27) er mellom fleire spelarar Sogndal vil sjå på før sesongen sparkar i gang 25. mars.

Hannu Patronen

AKTUELL: Finske Hannu Patronen kan bli neste Sogndal-import frå svensk toppfotball. 27-åringen var i fjor lagkamerat med nordmennene Erlend Hanstveit, Ardian Gashi, Thomas Sørum og Jørgen Skjelvik i Helsingborgs IF.

Foto: BJÖRN LINDGREN / SCANPIX / SCANPIX SWEDEN

Patronen har siste åra heva lønn i svenske Helsingborgs IF og kan bli den neste Sogndal hentar frå svensk toppfotball. Klubben som i fjor vart historiske då dei vann både Allsvenskan, Supercupen og den svenske cupen. Patronen si kontrakt med den svenske trippelmeisteren gjekk ut etter 2011-sesongen.

– Han kjem oppover no i januar. Eg håpar at han er med under Vestlandsmeisterskapen. Det er høvesvis tidleg i januar og vi får to kampar mot god motstand. Så det kan vere ein fin arena, seier Toppspelarutviklar i Sogndal Fotball, Håvard Flo.

Vurderer fleire

Sogndal ynskjer å forsterke laget i kvart ledd etter at fleire spelarar er vekke i høve til fjorårssesongen. Spesielt er forsvarsrekkja blitt tynna ut. I tillegg vil truleg midtstoppar Even Hovland skifte klubb om kort tid.

Jonas Olsson

NY TRENAR: Tidlegare IFK Göteborg-trenar, og no Sogndal-trenar, Jonas Olsson kjenner nok godt til Hannu Patronen frå svensk toppfotball.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I desember sikra Sogndal seg den senegalesiske U23-kapteinen, midtbanespelaren Stéphane Diarra Badji (21). Også estiske Taijo Teniste, midtbanespelaren som i fjor spelte på lån i Sogndal, har signert kontrakt med Sogndal.

– Vi vil sjå etter mogleg midtstoppar og spiss i utgangspunktet. Vi får over nokre spelarar frå Sverige og vurderer å hente over ein islending. Førebels er ikkje alt 100 prosent spikra, seier Flo.

– Del namn på blokka

I jakta på nye spelarar ynskjer tippeligaklubben å sjå på den 184 centimeter høge Patronen. 27-åringen var meir eller mindre fast etter at han kom til Helsingborgs i 2008. Siste sesongane har han derimot vore inn og ut av laget. I fjor debuterte han på det finske A-landslaget og var i Kongsvinger sitt søkjelys.

Patronen, som også kan spele defensiv midtbane, har 18 U21-landskampar for Finland. Han signerte 3,5 årsavtale med Helsingborgs då han kom frå FC Honka i juli 2008.

Håvard Flo

MANGE: Håvard Flo seier dei har fleire spelarnamn på blokka som dei vurderer å teste før 2012-sesongen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sidan er det blitt to mål på 55 obligatoriske kampar. Og over 3 000 speleminutt i den svenske toppdivisjonen.

– Vi har ein del namn på blokka, men må koordinere det i høve til behov og det som vi eventuelt skulle miste. Vi skal no diskutere internt kva typar vi skal teste ut, seier Flo.

Reiser til VM

Flo ser ikkje vekk ifrå ikkje at fleire prøvespelarar kan få prøve seg for Sogndal når dei møter Haugesund, Sandnes Ulf og Brann i Vestlandsmeisterskapen i Vestlandshallen i midten av januar.

I løpet av første halvdel av januar vil også nyinnkjøpte Badji kome til saftbygda. Flo seier dei førebels ikkje har planer om å hente fleire afrikanarar til Sogndal.

– Lala var her i fjor, og namnet hans er framleis på blokka. Men vi må sjå korleis og når om det blir aktuelt. Det har litt med miksen i spelartroppen å gjere, seier han.

Ser på 1. divisjon

Sogndal vil også teste ut spelarar frå eige fylke. Dette med tanke på foredling av spelarar for framtida. Flo ser ikkje vekk ifrå heller ikkje at andre norske spelarar kan komme til å skifte klubb til Sogndal.

Ikkje nødvendigvis spelarar med erfaring frå eliteserien, som oftast ikkje passer inn i Sogndal sin lønnspolitikk.

– 1. divisjon er også ein arena med mykje gode spelarar, som er svoltne og på veg framover. Spelarar frå eliteserien har gjerne vore i ein god lønnsstruktur og har store forventingar, seier Flo.

Viktig å scoute

Flo trur og håpar at Sogndal vil nytte godt av at Trond Fylling får større ansvar for å sjå etter fotballtalent.

Fylling var i fjor sportsleg leiar i Sogndal.

Han har etter kvart god oversikt både nasjonalt og internasjonalt. Scouting skal vi bli endå sterkare på. Det er ein viktig bit, seier han.

P.S. Sogndal og nyetrenar Jonas Olsson startar oppkøyringa til årets sesong med si første trening onsdag.