Hopp til innhold

Hansen og Gjermundstad får ikkje ny kontrakt med Sogndal

Cato Hansen (23) og Vegar Gjermundstad (21) er ferdige i Sogndal.

Cato Hansen og Vegar Gjermundstad

FERDIGE: Cato Hansen (23, t.v.) og Vegar Gjermundstad (21) er ferdige i Sogndal etter sesongen.

Foto: Oddleif Løset/NRK / Svein Ove Ekornesvaag/Scanpix

Trond Fylling

SPORTSLEG LEIAR: Trond Fylling, Sogndal Fotball.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det vart bestemt onsdag då dei to spelarane var i møte med sportsleg leiar Trond Fylling, skriv Sogn Avis.

– Me har lyst på ein annan type spiss enn Hansen, seier Fylling til avisa.

Fleire er interesserte

Hansen har fått mykje speletid av Harald Aabrekk i år, men har enno til gode å teikna seg på scoringslista i eliteserien for kvittrøyene. Men han er ikkje bitter for at tida hans på Fosshaugane er over.

– Det går fint, eg har hatt ei fantastisk tid i Sogndal, seier Hansen.

23-åringen kom frå Brann i lag med Kenneth Udjus før sesongen i ein byttehandel med Piotr Leciejewski som gjekk den andre vegen.

Medan Udjus held fram på Fosshaugane Campus, tek Hansen no farvel med saftbygda.

Fleire klubbar skal ha synt si interesse for den kjappe jærbuen, blant anna nyopprykka Sandnes-Ulf og gamleklubben Bryne.

– No tenkjer eg ikkje på det, eg får sjå kva som skjer etter jul.

Gjermundstad kan få ny sjanse

Det er ikkje 100 prosent sikkert at Vegar Gjermundstad forsvinn etter sesongen. Han står per i dag utan kontraktstilbod frå Sogndal, men han har fått tilbod om å trena med Sogndal i januar for å syna seg fram Jonas Olsson når han tek over etter jul.

Då blir Sogndal-troppen truleg tre midtstopparar færre neste sesong. Isak Scheel er allereie klar for Lillestrøm, Mats Solheim skal til svenske Kalmar og Even Hovland blir mest truleg utanlandsproff. Trond Fylling innrømmer at dei må forsterka den bakre rekka før neste sesong.

– Me har Gustav Valsvik og Espen Næss Lund, men treng ein annan spelartype også, seier han til avisa.