Torsdag vart det kjend at Cato Hansen er ferdig i Sogndal etter sesongen, og at også Vegar Gjermundstad står fritt til å finna seg ein ny klubb.
- LES OGSÅ:
Mange ut
Med Gjermundstad ute, mister Sogndal truleg fire spelarar frå forsvarsleddet.
- Mats Solheim er allereie klar for svenske Kalmar.
- Isak Scheel skreiv førre veke under for Lillestrøm.
- Even Hovland har fått lovnader om å bli selt etter sesongen, og både Molde og utanlandske klubbar har vist interesse.
- Vegar Gjermundstad står utan kontrakt, men har fått tilbod om å trena med Sogndal for å visa seg fram for Jonas Olsson (ny hovudtrenar) i januar om han ikkje har funne seg ny klubb.
- I tillegg er estiske Taijo Teniste i utgangspunktet berre på lån denne sesongen, men Sogndal har oppsjon på den estiske landslagsbacken, og avtalen om ein eventuell overgang er ferdigforhandla.
- Cato Hansen får ikkje ny kontrakt med Sogndal
- Joe Bendik får ikkje ny kontrakt med Sogndal
- Barry Kader får ikkje ny kontrakt med Sogndal.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Me har nok
Då står dei att med Espen Næss Lund, Gustav Valsvik og Eivind Daniel Røed som midtstopparar. Per Egil Flo har i år spelt midtstoppar, men er hovudsakleg back. I tillegg skal også Brann vere intereserte i stryningen.
Dei andre i forsvarsrekkja til Sogndal er Thomas Eriksen Ness og Taijo Teniste.
– Me har planar om å forsterka i alle ledd. Me er på jakt etter ein ny spelar både bak, på midten og framme, seier sportsleg leiar Trond Fylling.
– Er det tynt bak når so mange forsvinn?
– Nei, me har nok. Det er berre å telje opp so ser du at me har bra kontroll. Me har både ein U18-landslagsspelar og ein U23-landslagsspelar att, og det er bra.
- LES OGSÅ:
Endrar spelestil?
Fylling vil ikkje seia noko konkret om korleis Sogndal kjem til å spela neste sesong, men han seier at det Sogndal har vore mest kjende for i år, truleg ikkje blir noko dei satsar på til neste sesong.
– Sogndal kjem mest truleg ikkje til å spela med fem bak neste sesong, nei, seier Fylling.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Heller ikkje Jonas Olsson (ny hovudtrenar) vil seia noko konkret om kva spelestil Sogndal kjem til å nytta når eliteserien 2012 blir sparka i gang.
– Eg veit korleis eg vil at Sogndal skal spela fotball, men det handlar om å vinna kampar. Når eg kjem til Noreg og byrjar å trena laget får eg sjå litt meir på kva spelarar me treng.
- LES OGSÅ:
Olsson blir av svenske fotballekspertar omtalt som ein seriøs og forsiktig trenar. På pressekonferansen der han vart presentert som ny trenar, sa han at han ser fram til å byrja som trenar for Sogndal.
– Eg likar typen fotball Sogndal legg opp til, og at dei satsar på unge spelarar, sa Jonas Olsson til NRK.
– Namn på blokka
– Me har fleire namn på blokka som me ser på, men ingen me er i forhandlingar med, seier Fylling.
I sommar hadde Sogndal fleire spelarar på prøvespel, og Fylling utelukkar ikkje at nokre av dei kan få eit gjensyn med saftbygda i januar.
– Det er ikkje utenkjeleg at Edvin «Lala» Noso dukkar opp att for å visa seg fram på nytt, seier Fylling.
- LES OGSÅ: