Anders Fannemel er ein av hopparane som har fått med seg varselet.
– Det er ikkje noko kjekt. Det er synd dersom det skal prege hopp- og folkefesten dei neste vekene. Vi får verkeleg håpe det ikkje skjer noko slikt, seier Fannemel til NTB.
- Les også:
Håpar det ikkje går utover folkefesten
Han har erfaring med terrortrugsmål etter OL-deltakinga i Russland i 2014.
– Eg håpar ikkje dette overskygger hoppveka. Eg har vore med på kanskje endå større terrortrugsmål i Sotsji-OL. Der handterte dei det veldig strengt og vi merka ingenting. Eg håpar ikkje det går utover verken det sportslege eller den folkefesten dette skal vere, seier hopparen frå Hornindal.
IKKJE KJEKT: Det seier Anders Fannemel om tipsa om eit mogleg terrorangrep i Europa.
Foto: Urs Flueeler / Ap– Eg fekk med meg saka i romjula om auka risiko i Europa. Eg skjønar at Innsbruck spesielt, med det «gryteområdet» på sletta, kanskje kan vere ein utsett plass. Eg håpar politiet har full kontroll, seier Fannemel.
– Langt unna kvardagen i Norge
Hoppveka vert innleia med kvalifisering i Oberstdorf måndag.
– Eg håpar ikkje folk held seg heime. Det er det dei, terroristane, er ute etter. Det kjennest heilt uverkeleg om vi skulle hamne oppe i det. Det er veldig langt unna den kvardagen vi har heime i Norge, seier Fannemel.
Landslagstrenar Alexander Stöckl seier til NTB at han og det norske laget stolar på at arrangøren tek vare på tryggleiken, men at situasjonen er spesiell.
- Les også:
- Les også: