Ofra, fem gutar i alderen 15 til 18 år, fekk store skader av valden.
Saka skal opp for retten i neste veke. Dei fire tiltalte kjem frå Lindås.
Brukne bein og drapstrugslar
Hjerneristing, brukne bein, spark i hovudet og drapstrugslar er noko dei fire tenåringane er tiltalte for å ha påført fem jamnaldringar, skriv Bergens Tidende.
Ein 15 år gamal gut vart blant anna først slått hardt i andletet. Medan han låg på bakken, vart han sparka i hovudet. Guten mista medvite og fekk hjerneristing og forstua nakke.
Tre av dei tiltalte skal ha gått laus på ein 17-åring. Dei skalla og slo han og medan han låg nede vart han sparka i andletet. Tre av tennene hans brakk.
- Umotivert vald på skuledans
Dei fleste valdsepisodane skal ha føregått i tilknytning til skuledansar i eit samfunnshus i Austrheim.
Dei tiltalte har forklart at det starta med knuffing, men dei fornærma og andre vitne seier valden var umotivert.