Hopp til innhold

Tell klar for avduking

Laurdag kl. 16 viser balansekongen seg i Høyanger.

Tell Teigen før avdukinga

Monumentet viser som seg hør og bør Teigen balanserande på ein stabel av stolar.

Foto: Robert Jan Leerink

Tell Teigen er ein av Høyanger sine største søner, og laurdag klokka 16 skal han for all framtid visast fram frå sokkelen sin framfor Høyangerbadet. Monumentet har fått namnet "Til Tell".

Les, høyr og sjå meir om Tell Teigen i Fylkesleksikonet.

Monumentet over balansekunstnaren, som var eit av dei store sirkusnamna i USA i etterkrigstida er 20 meter høgt og veg om lag tre tonn.