Hopp til innhold

Datafeil hindrar heimesjuke­pleiarane å låsa seg inn til brukarane: – Krevjande situasjon

Eit svikt i det elektroniske dørlås-systemet fører til at tilsette i heimetenesta ikkje kjem seg inn til dei som treng hjelp. Bergen kommune jobbar på spreng for å retta feilen.

Elektronisk dørlås i Bergen

ELEKTRONIKKFEIL: Dørlåsane til alle brukarane av kommunal heimehjelp i Bergen vart utilgjengelege for dei tilsette etter ei oppgradering av datasystemet.

Foto: NRK

Bergen kommune er framleis langt unna å få retta opp datafeilen som gjer at heimehjelparar og heimesjukepleiarar kan låsa seg inn til brukarane ved hjelp av mobiltelefon.

Klokka 20 var berre 150 av telefonane fiksa.

Opptil 1000 telefonar fungerer framleis ikkje til dei elektroniske dørlåsane, opplyser konstituert kommunikasjonssjef Endre Hovland.

Mista tilgang til elektronisk dørlås

Det har tysdag oppstått problem med dei tilsette sin tilgang til elektroniske låsar hos brukarane av heimetenestene i Bergen kommune.

I alt er det 7000 brukarar som har slik elektronisk dørlås.

Det er heimesjukepleiarane og heimehjelpane sin elektroniske tilgang via telefonen sin som ikkje fungerer. Brukarane sjølve og pårørande som har manuell nøkkel, kjem seg ut og inn som normalt.

– Ein krevjande situasjon

Akutte hendingar blir handterte, men generelt kan hjelpa bli noko forseinka, heiter det i ei pressemelding frå kommunen.

– Det er ein krevjande situasjon for oss, men vi har god oversikt. Vi veit korleis vi skal ordne feilen, men det er tidkrevjande og må gjerast på kvar enkelt tilsett sin telefon, skriv etatsdirektør Berit Breistein i Etat for heimebaserte tenester.

NRK fekk i 16-tida tysdag eit tips om at alle datasystema for heimesjukepleien i heile Bergen kommune var nede, inkludert dei elektroniske dørlåsane.

«Ein kjem dermed ikkje inn til brukarane, sjølv i akutte situasjonar. Kommunen har ikkje utløyst beredskapsplanane sine. Feilen har vart sidan klokka 12 og er framleis ikkje fiksa», heitte det i tipset.

Elektronisk lås

Kommunen jobbar tysdag på spreng for å låsa opp dei tilsette sine telefonar slik at dei kan opna dei elektroniske dørlåsane.

Foto: Andrea Melby/NRK

Byråden var ikkje varsla

Helsebyråd Marte Monstad (Frp) kjende ikkje til dette då NRK kontakta henne klokka 16.15. Men ho skreiv litt seinare tilbake og stadfesta at «det har oppstått ein situasjon med låssystemet.»

Kommunen opplyser no at årsaka er at det har oppstått ein feil etter ei teknisk oppgradering av eit sertifikat knytt til telefonsystema som blant anna blir brukte til å låse opp dei elektroniske låsane til brukarane.

Dei tekniske ressursane i kommunen jobbar utover kvelden fram til alle telefonar er retta.

Breistein stadfestar til NRK at feilen oppstod klokka 12.

– Den tekniske oppdateringa vart gjort klokka 12. Feilmeldingar på nokre av telefonane byrja å komme inn til kommunen etter klokka 13.

Ho opplyser at det første beredskapsmøtet i etaten starta klokka 14.

Forseinka hjelp

Responssenteret som handterer tryggleiksalarmar har vore prioritert og fungerer som normalt.

Breistein opplyser at i alle bydelane har ein retta enkelte telefonar, og at feilrettinga held fram inntil alle er operative.

– Vi prioriterer først dei pasientane som det er kritisk viktig å få gitt tenester til.

– Vi jobbar nå med å ordne feila for tenestene til heimesjukepleia. Hjelpa kan bli noko forseinka i ettermiddag og kveld. Vi gjer alt vi kan for at alle som treng hjelp skal få det, skriv Breistein.

Ho understrekar at etaten har eit redusert antal elektroniske nøklar, men ikkje har vore utan elektroniske nøkler.