Hopp til innhold

Teatersjef imponerte løpsdronninga etter ti maraton på sju dagar

– Dette er heilt utruleg. Eg fattar ikkje at det går an å springe så mange mil på så kort tid, seier den tidlegare maratonløparen Ingrid Kristiansen.

Ein av Sogn og Fjordane sine mest berømte menn opp gjennom tidene har dei siste vekene på ny sprunge land og strand rundt i fylket. I teatersjef Terje Lyngstad sin skikkelege kom «Mensen Ernst» endeleg i mål. Maraton-dronninga Ingrid Kristensen er imponert.

IMPONERT: Ingrid Kristiansen tykkjer teatersjef Terje Lyngstad har gjort ein stor prestasjon. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK

Onsdag ettermiddag var ho i Fresvik då teatersjef Terje Lyngstad sprang gjennom den legendariske løparkongen Mensen Ernst sin heimstad.

Iført påfugldrakt har han sprunge fylket rundt for å heidre den gamle løpskongen Mensen Ernst som var frå Fresvik i Vik.

Ti maratonløp

Sist fredag starta han turen heilt nord i Sogn og Fjordane, og etter sju dagar på landevegen kom han torsdag ettermiddag i mål i Leikanger. Då hadde han sprunge 422 kilometer, nok som tilsvarar ti maratonløp.

Ingrid Kristiansen var langdistanseløpar siste halvdel av 80-talet. Ho sprang både 5000, 10.000 meter og maraton. I løpet av karrieren sette ho fleire rekordar. I 1987 sette ho verdsrekord på 10.000 meter og i mange år hadde ho verdas beste tid på maraton med 2.21.06.

Den erfarne løparen tykkjer det Terje Lyngstad har gjort, er utruleg bra.

– Og det at han ser ut som han gjer etter så mange mil, er veldig imponerande, seier ho.

Trur han lokkar fleire

Kristiansen er oppteken av å fremje betre folkehelse og idrettsglede. Dette var også målet for teatersjefen. I tillegg ville han heidre Mensen Ernst og reklamere for teaterstykket om løparkongen som blir sett opp 26. september.

Ho har tru på at teatersjefen klarer å lokke fleire til teateret med stuntet sitt.

– Han har fått marknadsført framsyninga på ein veldig god måte. Dette er noko anna enn at det berre skulle stå ein annonse i avisa. Han har faktisk gjort noko av det Mensen Ernst gjorde i si tid.

Ville ikkje sprunge med fjørene

I biografien om Ernst står det at han brukte ei påfugldrakt, og difor har også Lyngstad sprunge rundt i ei slik drakt. Men dette er ikkje noko Kristiansen ville gjort.

– Nei, eg ville nok ikkje det. Fjørene betyr ekstra vekt og dei må vere ukomfortable å springe med. Så i eit vanleg maratonløp ville eg nok ikkje brukt slike fjør, ler ho.

Sist fredag la Terje Lyngstad, i "Mensen Ernst-drakt", ut på si sju dagar lange reise gjennom Sogn og Fjordane. Ei reise han tek både for å heidre løpskongen frå Fresvik, men også for å feire at Sogn og Fjordane er 250 år. På sjølvaste bursdagen, torsdag 19. september, gjekk han i mål på Leikanger.

ENDELEG I MÅL: Med over 400 kilometer i beina kunne Mensen Ernst, i Terje Lyngstad sin skikkelse, endeleg gå i mål på Leikanger torsdag ettermiddag. FOTO: Heidi Lise Bakke.