Hopp til innhold

No er det opp til retten å avgjere om Statnett får arbeide i Myklebustdalen

Sorenskrivar Terje Mowatt i Fjordane tingrett skal ta stilling til om Statnett får sleppe til med kraftlinjearbeid i Myklebustdalen i Bremanger.

Sorenskrivar Terje Mowatt

HAN TEK AVGJERDA: Sorenskrivar Terje Mowatt i Fjordane tingrett.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Partane møttest i dag, og det er venta at dei gjer seg ferdige i ettermiddag. Magne Revheim er advokat for grunneigarane, og han trur dei har ei god sak.

– Eg forskotterer ikkje kva retten avgjer, men eg meiner grunneigarane har relativt gode argument for si sak.

Då olje- og energiminster Ola Borten Moe i desember 2011 avgjorde at 420 kV-linja skulle gå gjennom Myklebustdalen, svara grunneigarane med å nekte Statnett tilgang til området.

Så gjekk saka til namsmannen i Bremanger, lensmann Hans Rune Strandos. Han gav Statnett løyve til å starte arbeidet med kraftlinja. Men grunneigarane klaga på avgjerda til namsmannen. No skal tingretten ta stilling til saka.

(Artikkelen held fram under biletet)

Advokatane Magne Revheim og Ove Christian Lundholt

STUDERER KARTET: Advokatane Magne Revheim (t.v.) og Ove Christian Lundholt i Fjordane tingrett.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vedtaket byggjer på misforståingar

Magne Revheim meiner vedtaket om å legge kraftlinja om Myklebustdalen byggjer på fleire misforståingar og feil.

– Ikkje minst har departementet misforstått oppfatninga til Bremanger kommune i saka, mellom anna at kommunen skulle samrøystes ha valt Myklebustdalen framfor Førdedalen. Det er ei misforståing.

Bremanger kommune ville i utgangspunktet ha kraftlinja frå Grov over fjellet til Åskåra.

– Dette prioriterte dei heilt til like før OED kom med sitt vedtak 21.12 i 2011.

– Må halde oss til vedtaket i OED

Det er advokat Ove Christian Lundholt som prosederer saka for Statnett, men han overlet til informasjonsansvarleg i Statnett, Martha Hagerup Nilson, å uttale seg til media.

Ho seier at Statnett må halde seg til det vedtaket som Olje- og energidepartementet har fatta.

– For å få tilgang til dei eigedommane som vi enno ikkje har fått tilgang til så prøver vi saka for retten.

– Om de ikkje får medhald, kva då?

– Vi må vente på retten sine vurderingar før vi tek stilling til det.

Men det er grunn til å tru at uansett utfall i tingretten så kjem saka til å bli anka til lagmannsretten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Martha Hagerup Nilson

- MÅ HALDE OSS TIL OED-VEDTAK: Informasjonsansvarleg Martha Hagerup Nilson i Statnett.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Og før det er teke ei avgjerd, får ikkje Statnett ta seg inn på dei eigedommane der grunneigarane har sett foten ned. Mellom anna har Statnett planlagt å byggje transformatorstasjon i dette området.

I mai i år skreiv Statnett at arbeidet er forseinka med eitt år på grunn av konflikten med grunneigarane i Myklebustdalen.

Martha Hagerup Nilson vil ikkje spekulere i kor mykje meir bygginga kan bli forseinka dersom saka også må i lagmannsretten.