Hopp til innhold

Statnett vann i tingretten - men grunneigarane varslar anke

Grunneigarane har kjempa hardt for å unngå den omstridde 420 kilovoltslina som går via Ålfoten gjennom fylket. Statnett vann første runde i tingretten. Men grunneigarane har tenkt å anke avgjerda.

Myklebustdalen i Ålfoten i Bremanger

VIL IKKJE: Grunneigarane vil ikkje gi seg, og varslar ny runde i retten for å unngå kraftliner i Myklebustdalen i Ålfoten i Bremanger.

Foto: Hilde Myklebust

– Eg ser ikkje på det som eit endeleg vedtak. Vi kjem til å anke vidare til lagmannsretten, seier grunneigar Ole Jonny Myklebust Elde.

Grunneigarane på Myklebust i Ålfoten i Bremanger kjempar og taper, men dei nektar å gi seg.

Den omstridde kraftlina mellom Ørskog og Fardal reiser seg i begge endar, men i Ålfoten har framleis ikkje hogstapparata og gravemaskinene fått kome til.

Vil kjempe til det siste

Siste slag i rettsapparatet var i tingretten i Førde. Der fekk Statnett fullt medhald i å bygge slik som dei har tenkt. Men grunneigarane kjem til å anke avgjerda frå tingretten.

– Det kostar, men det er uansett verdt å ta denne kampen. Det er det mange grunnar til, seier Elde.

Det var i desember 2011 at Olje og energiminister Ola Borten Moe trossa fagetatane og la kraftlina gjennom Myklebustdalen i Ålfoten, i staden for i nabodalføret Førdedalen.

Flytta lina frå Sp-folk sine eigedommar

Seinare kom skuldingane om kameraderi i Senterpartiet, fordi lina vart flytta vekk frå Sp-folk sine eigedommar.

Det kostar, men det er uansett verdt å ta denne kampen. Det er det mange grunnar til,

Ole Jonny Myklebust Elde

Kommunikasjonssjef i Statnett Martha Hagerup Nilson, meiner slutninga i retten i går er viktig.

– Å få på plass Ørskog-Sogndal betyr mykje for straumforsyninga i Sogn og Fjordane og Midt-Norge. Dette er ei avklaring vi har venta på. Vi vil starte bygginga, ja, seier Nilson.

Skal møte MD i retten

Snart skal grunneigarane i Ålfoten i ny rettssak, denne gongen mot Miljøverndepartementet i tingretten i Oslo. På same tid veit Myklebust EIde at landet snart får ny regjering.

Høgre har kritisert dei raudgrøne i kraftige ordelag fordi dei flytta trassen i Ålfoten, no vil Myklebust Elde at orda skal bli omgjort til handling.

– Vi ventar at dei set seg inn i saka, gjer om vedtaket, og legg lina tilbake til Førdedalen, seier Elde.