Hopp til innhold

Tankskip fekk motorstans og dreiv mot land

«Ionian Star» dreiv inn mot Fedje i ein halvtime med eit mannskap på 19, før ein slepebåt kom til og festa eit slep om bord.

Tankskipet Ionian Star

TIL KAI: Tankskipet «Ionian Star» kom seg til kai i Sløvåg for eigen maskin, etter motorstans ved Fedje fredag morgon (arkivfoto frå Nederland, mars 2019).

Foto: Roger Solem

Det var klokka 05.58 at trafikksentralen på Fedje varsla Hovudredningssentralen på Sola (HRS Sør) om at motoren på det 183 meter lange tankskipet hadde svikta fire kilometer vest for øya.

Dette er trafikksentralen som overvakar all skipstrafikk i det svært trafikkerte farvatnet rundt Mongstad-raffineriet, terminalane Sture og Kollsnes, og innseglinga til Bergen.

Like ved «Server»

Motorstansen skjedde like utanfor staden der det omlag like lange lasteskipet MS «Server» gjekk på grunn og brakk i to for 12 år sidan, i januar 2007.

«Server»-forliset førte til ei av dei verste miljøulykkene i noregshistoria.

M/S "Server" i ferd med å synke etter havari

KATASTROFEN: Det 180 meter lange lasteskipet MS «Server» forliste ved Fedje i januar 2007. Det førte til omfattande oljeforureining langs store delar av norskekysten.

Foto: Anders Jørgensen / NRK

Motorstansen i dag tidleg enda mykje betre.

– «Ionian Star» ga umiddelbart beskjed om problema, og heldigvis var tre andre skip i nærleiken og kunne bistå.

Det seier vakthavande redningsleiar Johan Mannsåker ved HRS Sør.

Vart slept vidare

Kystvaktskipet KV «Senja», slepefartøyet «Vivax» og forsyningsskipet «Far Sigma» var i området, og responderte rask. «Vivax» fekk klokka 06.26 sett slepar ombord i tankskipet.

– Då vart situasjonen stabilisert, seier Mannsåker.

Dermed kunne eit redningshelikopter som hadde rykka ut frå Florø, snu.

Dei tre skipa følgde deretter «Ionian Star» rundt sørsida av Fedje, før skipet fekk sine eigne motorar i gang igjen.

Tankskipet Ionian Star fekk motorhavari ved Fedje

ÅTTETAL: Tankskipet «Ionian Star» fekk motorstans vest av Fedje og dreiv mot land (raud/oransje farge på kartet). Etter ein halv time fekk slepebåten «Vivax» eit slep om bord (åttetals-form på kartet). Tankskipet fekk seinare maskinen i gang.

Foto: Skjermdump frå marrinetraffic.com

Tankskipet gjekk så for eigen maskin i retning nordover til Sløvåg, dit det var på veg utan last.

«Far Sigma» og «Vivax» følgde tankskipet, saman med slepebåten «Silex».

Skipet er klokka 09.30 framme ved kai i Sløvåg.