Hopp til innhold

Tankbil har velta på E39 i Gloppen

Ein tankbil velta ved Byrkjelo i Gloppen på E39. Sjåføren er medviten og send til sjukehuset i Førde. Det er ikkje fare for eksplosjon på staden, melder politiet.

Brannvesenet var først på staden. Det var ikkje farleg gods i tankbilen, melder politiet, og ingen eksplosjonsfare. Vegen er no open att, med manuell dirigering, opplyser politiet, men vegen vil bli stengd i samband med bilberginga. Ein tungbilbergar er på veg.

Vegen skal ha vore tørr, melder Tatjana Knappen ved politiet sin operasjonssentral.

– No skal vi gjere undersøkingar på staden for å dokumentere det som har skjedd, seier ho, og held fram:

– Mannen har vore medviten, er teken ut av bilen og blir tatt vare på av helsepersonell.

Han skal ha klaga over smerter i kroppen. Firda Tidend skriv at han blir teken til sjukehuset i Førde.

Mannskap frå brannvesenet kunne kommuniserer med mannen, som ikkje var fastklemt i førarhuset. Men dei venta med å hente mannen ut til luftambulansen var på plass.

Mannen skal vere medviten og har vinka til brannvesenet for å kommunisere med dei. Ambulansen er snart på plass, og dei er klare til å ta mannen ut av bilen, opplyste Tanja Knappen i politiet rundt 21.15.

– Førar er i førarhuset, og det blir venta med å ta han ut til ambulansen er på plass, sa ho då.

Ho seier at tankbilen fraktar kalk og at dette ikkje skal vere brannfarleg.

Dan-Inge Gjesdal ved Alarmsentralen seier at vegen vart stengd, men at situasjonen er under kontroll.

– Og det er kaldt på plassen, så det er ingen eksplosjonsfare, seier Gjesdal.

Tankbilen ligg på sida av vegen.