Hopp til innhold

Tanja og Stefan sat i bilen og vart tekne av skredet: – Trudde eg kom til å døy

Tyskarane Tanka og Stefan Trampe snudde seg og såg snø, stein og is rasa nedover fjellsida.

Tanja og Stefan Trampe

TEKNE: Tanja og Stefan Trampe vart tekne av skredet.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Det tyske ekteparet Stefan og Tanja Trampe er på ferie i Noreg, og hadde leigd ein bil for å utforska Loen.

Dei sat i bilen då Stefan oppdaga bulder og braking oppe i dalen.

Det var veldig høgt. Eg snudde meg og alt raste ned, seier Tanja.

Kva tenkte du då?

Dette er slutten. Eg trudde eg kom til å døy, seier Tanja Trampe.

Det var mannen hennar som sat bak rattet og oppdaga braket oppe i dalen. Han gav full gass.

– Steinar byrja å treffa bilen. Eg køyrde fortare og fortare, frontruta sprakk, og til slutt såg me ingenting på grunn av all snøen, seier Stefan.

Dei stansa bilen og sprang ut av snøskredet. Dei er utan skadar.

– Eg er heldig som er i live, seier Tanja.

Bil tatt av skredet i Loen

BIL: Slik såg bilen ut etter skredet tok han. Både sjåfør og passasjer er i god behald.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstuen / NRK

– Trudde det var torevêr

– Me var rundt 400 meter unna då snøskredet starta. Me høyrde eit stort smell, og trudde det var torevêr, seier Scott Rassatt.

Han er på noregsferie saman med kona og den fire månadar gamle babyen sin.

Scott Rassatt

NESTEN TEKNE: Scott Rassatt og kona.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Dei snudde seg og såg store mengder snø rasa ned fjellet. Begge har snøskrederfaring, og stod langt nok unna til å filma skredet før dei gjekk vidare.

Rassatt seier han tykkjer situasjonen var skremmande.

Denne filma Scott Rassatt med mobilen før han gjekk vidare.

– Det var veldig mektig. Me såg folk bak oss då me køyrde inn på parkeringsplassen som gjekk og sykla, og me ville sikra oss om at dei var trygge.

– Kva skjer med dykk no?

– No håpar me å bli gjenforeint med babyen vår. Ho er med besteforeldra våre, og me gler oss til å sjå ho att, seier Rassatt.

Sette bussen i revers då han såg skredet

Reinhardt Sørgård var på veg ut att Kjenndalen med 12 veninner frå Måløy på pensjonisttur då dei vart stoppa av skredet.

– Dei ville ta bilete, så me stoppa. Då me byrja å køyra att, kom raset. Steinane hagla ti meter framfor bilen, så det var berre å hiva han i revers og rygge, seier han og legg til:

– Hadde me vore eit halvt minutt tidlegare ute, så hadde me blitt tekne, konstaterer Sørgård.

Ein elbil med to tyske turistar var ikkje like heldige. Dei vart tekne av lufttrykket frå skredet.

Reinert Sørgård

REVERS: Reinert Sørgård sette minibussen i revers då han såg skredet.

Foto: Vibeke Bruland / NRK

– Dei var veldig prega av det som skjedde, seier Sørgård, som først vart intervjua av Fjordingen.

Turfølgjet frå Måløy vart evakuerte ut frå området, og ventar no på skyss heim att.

– Det var heilt forferdeleg. Me vart litt redde og sjokkerte då det stod på, seier Elsa Iversen og Emma Bakke.

Les også Ny rapport set livet i «Instagram-bygda» på vent

Fleire grender i «instagram-bygda» har vore utsletta av flodbølger. I dag kom rasrapport som set turistutviklinga på vent.