Hopp til innhold

Dette er stadig meir populært å ha på matfatet. Mattilsynet ber folk vera forsiktige

I takt med at tang og tare blir vanlegare på matbordet, har Mattilsynet sett seg nøydde til å finne ut om sjøplantane er trygge å ete.

Havforskar Arne Duinker, frå Havforskningsinstituttet held opp nylig innhausta stortare.

HAUSTING: Forskar Arne Duinker er med ut i båten for å hauste inn litt tare som skal brukast i eit måltid.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

– Det er ein stor og aukande interesse for tang og tare. Både frå aktørar som dyrkar og haustar det, og frå forbrukarar som ynskjer å eta det, seier seniorrådgjevar i Mattilsynet, Solbjørg Hogstad.

Såpass er interessa at Mattilsynet, som skal sikre mattryggleiken, har bestilt ein rapport frå Havforskingsinstituttet.

– Vi har funne at nokre typar tang og tare inneheld for høge nivå av tungmetall og jod, seier forskar Arne Duinker, som står bak rapporten.

Chips av sukkertare smakar godt over kvit fisk.

TARECHIPS: Stekt sukkertare smakar nydeleg saman med kvit fisk, men ein må vere påpasseleg med mengdene, då den inneheld mykje jod.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

Ber folk passe på fingertare

Han har overvaka, samla inn og analysert prøvar sidan 2014. Det er spesielt fingertaren som uroar Duinker.

– Denne har høge nivå av tungmetallet uorganisk arsen, som kan vere kreftframkallande.

Han legg til at dei som sporadisk har fått i seg fingertare likevel ikkje treng å vere bekymra for helsa.

– Men dei bør ikkje ete fingertare i tida framover, meiner forskaren.

Seniorrådgjevar i Mattilsynet, Solbjørg Hogstad.

FORSIKTIG: Solbjørg Hogstad i Mattilsynet rår folk om å vere forsiktig med mengdene når dei et tang og tare.

Foto: PRIVATFOTO

– Unngå for stort inntak

Det er store variasjonar mellom tang- og tareartane. Stortaren liknar på fingertaren i både utsjånad og smak, men har svært lave nivå av uorganisk arsen.

I tillegg til tungmetall, er Mattilsynet bekymra for høge nivå av mineralet jod.

For mykje jod kan vere helseskadeleg ved å påverke funksjonen til skjoldbruskkjertelen.

Ifølge Mattilsynet må spesielt gravide, ammande, små barn og personar med sjukdom i skjoldbruskkjertelen vere forsiktige.

Også dei som til vanleg har eit lågt inntak av jod, kan få forstyrringar i skjoldbruskkjertelen med eit plutseleg høgt inntak.

Mattilsynet sine råd er derfor å unngå for stort inntak av tang og tare. Dei jobbar med å kunne gje meir detaljerte råd som tar omsyn til dei store variasjonane mellom artane.

Tang og tare blir stadig meir populært som mat.

SJÅ VIDEO: Tang og tare blir stadig meir populært som mat.

Brukar tang og tare i sjokolade

NRK var med då gründerane bak bedrifta Tekslo Seaweed, Runar og Robert Trellevik, skulle ut på ei tidleg innhausting av tare.

Dei lagar krydder av tang og tare, som har vist seg å bli svært populært. Bedrifta har bidrege med innsamling av tang og tare til analysar til rapporten.

– Vi har vore kjend med resultata lenge, og har gjort tilpassingar av produkta våre. Vi brukar ikkje fingertare, og innhaldet av jod i kryddera er tilpassa EU-krava, seier Robert Trellevik.

No ønsker dei å utvikle konseptet og har brukt sjøalgane i både sjokolade og øl.

Trellevik meiner sjømaten tilfører umami, som er rekna som den femte grunnsmaken etter søtt, salt, surt og bittert.