Hopp til innhold

Talet på fiskarar aukar for første gong på 20 år

For første gang sidan 1995 aukar talet på fiskarar i Norge. Særleg på Vestlandet og i Nord-Norge er det stadig fleire som vil ut på sjøen for å jobbe.

Fiskebåtar Lofoten

FLEIRE VIL TIL SJØS: Spesielt Finnmark og Hordaland har klart å snu den negative trenden og rekruttere fleire til fiskaryrket. Det er første gong på 20 år det blir fleire, og ikkje færre fiskarar langs kysten.

Foto: NRK

– Det er stor pågang frå folk som vil jobbe som fiskarar. Ikkje berre frå olje og gass, men frå alle plassar har interessa vore større, seier Jarl Magne Silden som er formann i Sogn og Fjordane fiskarlag.

No har fiskeridirektoratet oppdatert fiskarmanntalet for 2016. Tala syner at det for første gong sidan 1995 blir fleire, og ikkje færre fiskarar, langs norskekysten.

Tala er ikkje endelege då dei blir oppdaterte fram til februar, men førebels syner dei at det er fleire av både fiskarane og fiskarfartøya.

Fiskeriminister Per Sandberg er nøgd med at det kan verke som om den langvarige negative trenden har snudd.

Nettotalet no er 114 fleire fiskarar i 2016. Det er ikkje så stort tal med tanke på at det er rundt 11 000 fiskarar i landet. Men det er i alle fall oppgang, og det signalet er positivt i seg sjølv, seier fiskeriministeren.

Sandberg trur på kompetansen frå oljenæringa

Fiskeriminister Per Sandberg fortel at Rogaland og Hordaland er blant fylka som har hatt vekst.

– På Vestlandet er det ikkje tvil om at auka har samanheng med at det har gått i motbakke dei siste åra, slik at det er lettare å rekruttere folk frå olje og gass over på fiskeri, seier fiskeriministeren.

Han trur denne arbeidsgruppa blir viktig for fiskeri og havbruk i framtida.

– Når vi ser på neste generasjon havbruk og morgondagens fartøy i fiskeri så treng vi ein annan type og breiare kompetanse. Eg håpar og trur vi får ein større overgang frå olje og gass over på fiskeri og havbruk, seier Per Sandberg.

Per Sandberg, fiskeriminister (FrP)

FISKERIMINISTER: Per Sandberg trur det sender positive signal langs kysten at fleire vil jobbe som fiskarar.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Betre rekruttering

I Sogn og Fjordane har ikkje oppgangen vore merkbar i talet på fiskarar, men Jarl Magne Silden fortel at rekrutteringa til yrket har vore betre dei siste åra.

– Både Sogn og Fjordane fiskarlag og reiarlaga har jobba aktivt med rekruttering, til dømes opp mot opplæringskontoret i Måløy. Og vi har nytta oss mykje av lærlingordninga og mange reiarlag er med på det, fortel formannen i fiskarlaget.

Han fortel at mange har ringt på døra frå oljenæringa, og at det ikkje er jobb nok til alle som vil ha.

– Vi kunne sikkert fylt alle båtane gonger tre slik som pågangen er no, fortel Silden.

– Men vi har jo berre X talet på kvotar fordelt på båtane, så eg ser ikkje for meg at vi kan sysselsette så mange fleire enn i dag.

Jarl Magne Silden

GOD REKRUTTERING: Formann i Sogn og Fjordane Fiskarlag meiner dei unge er på veg inn att i fiskaryrket.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK