Hopp til innhold

Trenden har snudd, no er det "in" å vere fiskar

Medan nedturen i oljenæringa tvingar offshorefartøy i opplag, aukar straumen av folk som vil ha hyre på fiskebåt.

Overstyrmann Rune Ervik

I VINDEN: Fiskerinæringa skor seg på nedgangen i oljen. Her er overstyrmann Rune Ervik på jobb på fiskebåten Fjellmøy.

I mange år streva fiskerinæringa med å rekruttere i konkurranse med rike supplyreiarlag.

Den trenden har snudd. Rune Ervik er i dag styrmann på fiskebåten «Fjellmøy», eigd av Fjellmøy AS. Men etter å ha gått læretida si på fiskebåt var han i nokre år mannskap på ein oljeforsyningsbåt.

– Etter kapteinskule hadde eg eitt års læretid på supplybåt og heldt fram der, først som matros, så som styrmann. Men så tykte eg det vart litt lite spenning i kvardagen og for mykje byråkrati og papirflytting.

Han lengta tilbake til spenninga som var i fiskeri, og då det vart ei stilling ledig slo han til.

– I tillegg gjekk det mot nedgangstider i oljebransjen, og då var det ikkje så lenge gjort å bestemme seg. No er det mange som har mist jobben sin på supplybåtar. Og lønsmessig er det fiskeri som trekkjer det lengste strået no.

Denne trenden merkar også Stig Ervik i Ervik Havfiske i Nordfjord

– Det er mange som kjem tilbake etter å ha vore i oljenæringa i mange år. Det gjeld både skipperar og mannskap, seier han.

Fleire går frå olje til fisk

Ervik Havfiske på Stad merkar at ting er i endring på kysten. Landets største linereiarlag har den siste tida tilsett mellom 20 og 30 personar som har gått frå offshorefartøy til ein av nordfjordverksemda sine båtar.

For det er usikre tider innan olje og gass. På same tid har linefiskarane svært gode tider, med gode prisar og gunstig kronekurs.

Ein av dei som går frå olje til fisk er Kato Endrè Hovlid frå Stad, som i dag jobbar på eit offshorefartøy.

– Sjølv om eg likar meg godt her, så er det veldig usikre tider. I alle fall for dei som ikkje har så forferdeleg mykje ansiennitet.

Fiskaryrket er attraktivt igjen

FRÅ OLJE TIL FISK: Kato Endrè Hovlid frå Stad er ein av dei som skiftar beite etter usikre tider i oljenæringa.

Foto: Privat

Grense for kor mange dei kan tilsette

Lenge har fiskerinæringa streva med å rekruttere, nyutdanna sjøfolk har gått om bord på forsyningsfartøy. Men førstestyrmannen ser ikkje negativt på å starte i Ervik Havfiske.

– Eg har sakna noko av spenninga med fiskeri. No er det gode tider, det er vel berre tilfeldig, men det fristar ikkje noko mindre av den grunn.

Langs heile kysten merkast det at aktiviteten på sokkelen er fallande, fleire stader stig arbeidsløysa. Og sjølv om mange bergar seg ny jobb innan fiske, har også linereiarlaget i Nordfjord ei grense for kor mange dei kan ta inn, seier Stig Ervik.

– Det er litt skremmande at det har gått heilt feil med oljenæringa det siste halve året. Men vi må vel berre basere oss på at det er slik det blir.