Hopp til innhold

Takkar politiet etter razzia

Medan elevar har vore kritiske til måten politiet har gått fram på denne veka, takkar foreldre politiet etter narkorazziaen mot sju vidaregåande skular i Bergen.

montasje beslag

Dette er nokre av beslaga politiet gjorde i aksjonen på måndag. Totalt 35 personar er no blitt pågripne i saka denne veka.

35 skuleelevar er til no pågripne i politiaksjonane mot vidaregåande skular i Bergen denne veka.

Bakgrunnen for razziaen er eit større beslag av cannabis i januar i år. Fleire personar vart pågripne etter at dei prøvde å frakte 12 kilo av det forbodne stoffet til Bergen.

Spora førte politiet vidare til ungdomsmiljøa på vidaregåande skular i Bergen, og politiet har jakta på dei som distribuerer cannabis.

– Dei er snart vaksne og må forstå alvoret

Grethe Hestholm

MOR: Grethe Hestholm er mot til to gutar på ein av skulane politiet aksjonerte mot, og set pris på at politiet tar grep.

Foto: Privat

Medan elevar har reagert kraftig på måten politiet gjennomførte pågripingane, seier fleire foreldre NRK snakkar med at dei er glade for at politiet aksjonerte som dei gjorde.

– Det er viktig at politiet set ungdomane som har holdt på med dette på plass. Det kan ikkje vere slik at det blir normalt å halde på å eksperimentere med narkotika på skulen, og ikkje minst at ein får ein slutt på kjøp og sal, seier Grethe Hestholm som er mor til to gutar i første og tredje klasse på Nordahl Grieg vidaregåande skule.

Dei sju skulane politiet slo til mot er:

  • Fana Gymnas
  • Nordahl Grieg videregående skole
  • Bergen Private Gymnas,
  • Årstad videregående skole
  • Akademiet videregående skole
  • Sandsli videregående skole
  • Bergen Handelsgymnasium

Hestholm er ikkje overraska over at ungdom eksperimenterer med rus, men meiner det er ille dersom det stemmer at det blir handla med narkotika på skulane.

– Mange av desse ungdomane er myndige og snart vaksne, og må forstå alvoret i det dei held på med. Difor meiner eg at det er greit at politiet aksjonerer slik dei gjer, og viser dei at dette er kriminelt og straffbart.

Skal svare på foreldra sine spørsmål

Torsdag kveld har Fana Gymnas kalla foreldra til elevane inn til møte for å forklare detaljane i politiaksjonen som ikkje var varsla på førehand.

– Me har kalla inn foreldra fordi me reknar med dei kan ha spørsmål til politiet eller til oss om det som har skjedd denne veka. Skuleleiinga vil og vere til stades for å informere foreldregruppa om det arbeidet me gjer for å førebyggje rusmisbruk blant elevane, seier rektor Leif Sigurd Danielsen.

– Foreldre applauderte

Guri Birgitte Auran

REKTOR: Rektor ved Bergen Private Gymnas, Guri Aurand, har fått utelukkande positive tilbakemeldingar frå foreldre etter at politiet aksjonerte mot skulen måndag denne veka.

Bergen Private Gymnas og Akademiet vidaregåande skole arrangerte saman med politiet eit informasjonsmøte for foreldra allereie dagen etter den første aksjonen. Rektor ved Bergen Private Gymnas seier tilbakemeldinga frå foreldra var utelukkande positiv.

– Foreldra som var møtt opp applauderte faktisk for politiet etter møtet. Eg har ikkje snakka med ein einaste far eller mor som har vore negativ til aksjonen, og heller ikkje til måten politiet aksjonerte på. Tilbakemeldinga har vore utelukkande positiv, seier Guri Birgitte Auran.

Politiet svara på møtet på mange spørsmål frå foreldre som lurte på korleis dei kan vite om deira ungdomar eksperimenterer.

– Dei ville vite kva teikn dei skal sjå etter. Det var det dei var mest nysgjerrige på på møtet.

Elevane som har vorte pågripne denne veka har fått tilbod om påtaleunnlating ved å takke ja til å delta i politiet sitt «Tidleg ute»-prosjekt med det målet at dei skal kvitte seg med eventuelle rusproblem.