Hopp til innhold

35 ungdommar pågripne etter narkoaksjonen

27 ungdommar blei pågripne då politiet måndag aksjonerte på skular i Bergen. I løpet av dei to siste dagane er ytterlegare åtte ungdommar blitt pågripne.

montasje beslag

BESLAG: Dette er nokre av beslaga politiet gjorde i aksjonen på måndag. Totalt 35 personar er no blitt pågripne i saka denne veka.

Det var måndag morgon og føremiddag at politiet gjekk til aksjon mot sju vidaregåande skular i Bergen. Aksjonen denne dagen enda med at 27 ungdommar blei pågripne og politiet fekk namnet på 9 ungdommar som dei deretter leita etter.

Eit par av dei namngitte personane blei pågripne av politiet i går og i dag blei endå fleire pågripne, slik at politiet no har hatt kontakt me åtte av dei ni namngitte ungdommane.

– Av dei åtte me pågripe dei siste par dagane har fem fått påtaleunnlating mot at dei deltek i politiet sitt «Tidlig ute»-prosjekt. Ein av dei har tidlegare vore med i «Tidlig ute» og brote dette og får no førelegg, og for to av dei er ikkje reaksjonen avgjort ennå, seier politiinspektør Morten Ørn ved Bergen Sør politistasjon til NRK.

Går over til førebyggande politiarbeid

Blant dei 27 som blei pågripne måndag takka 23 ja til påtaleunnlating og deltaking i «Tidlig ute»-prosjektet. Målet med dette prosjektet er at ungdom skal kvitta seg med eventuelle rusproblem.

Politiet leitar framleis etter den siste namngitte personen, men ser elles på aksjonen som starta måndag som avslutta.

– Me held no fram i det førebyggande sporet og ein del av det vil vera å oppsøka skular, seier Ørn.

Politiadvokat Marita Mellingen fortalde i går til NRK at dei hadde gjort funn av cannabis, kokain, MDMA og LSD i aksjonen som underkant av 100 politifolk tok del i.

LES OGSÅ: – De har fått sin straff, nå må elevene få hjelp