Hopp til innhold

Tagga ned forsamlingshus på Holocaustdagen

På den internasjonale Holocaustdagen vakna kyrkjelyden på Stord opp til eit tilgrisa forsamlingshus.

Tagging Rikets Sal

TAGGING: Dette var synet som møtte Jehovas Vitner på Stord i dag.

Foto: Olav Røli / NRK

Tagginga er loggført som hatkriminalitet ved Stord politistasjon.

– Dette er eit religiøst bygg, og det er grunn til å sjå alvorleg på saka. Det er ein hensikt bak dette, seier etterforskingsleiar Roald Raunholm til NRK.

Det var avisa Sunnhordland som først omtalte saka.

I dag er den internasjonale Holocaustdagen, ein årleg minnedag over folkemordet på jødar og andre minoritetar i dei tyske konsentrasjonsleiarane.

Blant desse minoritetane er Jehovas Vitner, som held til i det tilgrisa forsamlingshuset.

I alt døyde mellom 2500 og 5000 vitne i konsentrasjonsleiarane. Forfølginga starta etter at dei nekta å signere ein erklæring om å vere meir tru mot naziregimet enn mot Jehova.

– Eg veit ikkje kva som er grunnen til hærverket, seier John Christian Fagerland, som er kontaktperson for Stord-meinigheita.

Han legg til:

– Me var i konsentrasjonsleir med jødane under 2. verdskrig, og mange vart drepne. Me har eit ope forhold til alle folk.

Dette er første gongen det har blitt utført hærverk på Rikets Sal på Stord.

«Den internasjonale Holocaustdagen, i dag 27. januar, minnast vi ikkje berre jødar, men også andre grupper som vart drepe i utryddingsleirane», skriv professor Halvor Moxnes i ein kronikk i Vårt Land. Seinare i dag held han ein appell.

– Der er eg opptatt av kva ord betyr, og kva for makt dei har. Denne tagginga er ord som øydelegg, seier han til NRK.

John Christian Fagerlid

SKUFFA: – Eg veit ikkje kva som er grunnen til hærverket, seier John Christian Fagerland, som er kontaktperson for Stord-meinigheita.

Foto: Olav Røli / NRK

– Meir enn «gutestrekar»

Øivind Kopperud er forskar ved Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar.

Han seier timinga og åstaden taler for at dette er meir enn «gutestrekar».

– Derfor er det flott at politidistriktet etterforskar saka og behandlar dette som hatkriminalitet. Med seriøs etterforsking har vi større mogelegheit nettopp til å kunne avdekke motiva. Dette er i seg sjølv viktig for å vise at man tar hatkriminalitet på alvor og at personane bak blir straffa.

Han legg til:

– Det vil også føre til at vi vil vite meir om kvifor disse handlingane blir utført og på den måte kunne også vere til hjelp i et haldningsskapande arbeid seinare.

Guri Hjeltnes er direktør ved senteret:

– Dette er nedslåande og trist, seier ho.

Ervin Kohn er forstander i Det mosaiske trossamfunn i Oslo.

– Dette er ein hatefull antisemittisk ytring, og at ho vart gjort på holocaustdagen gjer det verre, seier han.

Guri Hjeltnes

TRIST: – Dette er nedslåande og trist, seier Guri Hjeltnes, som er direktør ved Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar. .

Foto: NRK

Handlingsplan mot antisemittisme

Monica Csango er ein av om lag 1500 jødar i Noreg. Ho tolkar hendinga inn i eit breiare bilde, der antisemittismen aukar i store deler av den vestlege verda. For eksempel så Tyskland i fjor ein 15 prosents auke i antisemittiske angrep, ifølge Times of Israel.

Vi har som nasjon plikt å stå opp imot slikt, om det er ein liten tagg på eit samfunnshus like mykje som vi ikkje skal tole andre ekstreme ytringar. Det er den internasjonale holocaustdagen i dag og eg kan si det at det er ingenting som tyder på at dette kjem til å forsvinne på ei stund, seier ho.

Solberg-regjeringa la i januar i fjor fram ein handlingsplan mot antisemittisme. Planen inneheld tiltak, og gir grunnlag for ein samla og systematisk innsats mot jødehets og antisemittisme.

Same månad vart snublesteinen til minne om Georg Rechenberg øydelagt.

– Det minner oss om at eit samfunn fritt for antisemittisme ikkje kan takast for gitt, sa Kjell Ingolf Ropstad, som den gong var KrF-leiar.

Koronapressekonferanse

HANDLINGSPLAN: Solberg-regjeringa la i januar i fjor fram ein handlingsplan mot antisemittisme

Foto: Terje Pedersen

– Vi må jobbe kvar dag for å overvinne fiendebilde

Arbeidsminister Hadia Tajik (Ap) skal tale under ein markering av Holocaustdagen seinare i dag.

– Det heiter «Aldri igjen». Det er det viktig å ha med seg, for dette handlar om meir enn historia. Det handlar om nåtid og framtid også. Vi må jobbe kvar dag for å overvinne fiendebilde og negative framstillingar. Dette er helt sentralt i arbeidet vårt for tros- og livssynsminoritetars rettar, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) i ein pressemelding.

Portrett av Hadia Tajik

TALER: Arbeidsminister Hadia Tajik (Ap) skal tale under ein markering av Holocaustdagen seinare i dag.

Foto: Øystein Otterdal / NRK