«Aldri igjen» er no

Slik blei Holocaustdagen markert over heile verda.

27. januar 1945 blei konsentrasjonsleiren Auschwitz frigjort av Den raude arméen. Der blei over ein million personar drepne.

Over 7000 fangar fekk sleppe fri den dagen.

Holocaustdagen blir markert for å huske dei 6 millionar jødane som blei drepne under nazi-regimet i Tyskland.

Den tyske statsministeren Olaf Scholz har åtvara mot at høgreekstremisme igjen er eit aukande problem.

Laurdag møtte 10 000 menneske opp for å demonstrere i den tyske byen Kiel.

Ved konsentrasjonsleiren Ravensbrück, la dei ned kvite roser på innsjøen Schwedtsee.

93-år gamle Gad Partok er ein av dei få Holocaust-overlevande som framleis er i live.


I heimen sin heilt sør i Israel heng bilete av foreldra på veggen. Både faren og broren blei drepne under nazi-regimet.

7. oktober i fjor såg han på TV i stua si.

Hamas-soldatar gjekk inn i Israel. Over 1200 personar blei drepne.

Då kjende Partok igjen på dei same kjenslene som for over 80 år sidan. Det hadde han ikkje trudd han skulle oppleve igjen.

Også romar, polakkar, krigsfangar og andre grupper blei drepne i konsentrasjonsleiarane under andre verdskrig.

I den ungarske hovudstaden besøkte ein mann Holocaust-minnesmerket laurdag.

I Polen tente dei lys for dei drepne framfor Auschwitz-minnesmerke i Oswiecim.

FNs generalforsamling heldt eitt minutts tausheit.

«Aldri igjen er no» står det i lys framfor Brandenburger Tor i Berlin.

Ei kvinne gret framfor namna på dei over 7000 bosniske muslimane som blei drepne under folkemordet i Sbrenica på 90-talet.


også her markerte dei Holocaustdagen.

Bosniske jødar og muslimar samla seg for å fremme dialog og medkjensle i lys av krigen i Midtausten.

I Roma demonstrerte dei for eit fritt Gaza laurdag.

Dei italienske styresmaktene bad dei om å utsette demonstrasjonane i Roma og Milano på grunn av Holocaustdagen.

Mange møtte opp likevel.

Under andre verdskrig budde 2100 jødar i Noreg. 773 blei sendt til konsentrasjonsleiarar i Tyskland. 38 kom levande tilbake.

Utanriksminister Espen Barth Eide heldt appell på den norske minnesmarkeringa.

– Midt opp i ein blodig krig i Midtausten, er det mange som har sterke kjensler rundt dette. Då er det viktig å lære at vi må slutte å dele folk i «oss og dei».

Espen Barth Eide
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal