Hopp til innhold

Syrisk familie mista alt for andre gang

Den syriske familien i Måløy mista alt i husbrann. No får dei hjelp av frivillige til å stable seg på beina igjen.

Salah og Fiton i Måløy
Foto: Christina H. Cantero / Fjordenes Tidende / fjt.no

– Vi kom til Måløy for to år sidan. Vi hadde ingenting då, og har ingenting no, seier Salah Ahmad Alabdullah.

Småbarnsfamilien frå Syria flykta frå krig og uro i heimlandet og hadde bygd seg opp ein heim i Måløy. Men så måtte dei sjå at bustaden blei totalskadd i ein brann. No bur dei førebels i ei leilegheit, men alt dei eigde er borte nok ein gong.

Familien får no hjelp av Tone Holvik-Eriksen, som har starta ein innsamlingsaksjon. Ho vil samle inn midlar slik at familien skal kunne kjøpe nye leiker, klede og anna materiell når dei har fått flytte inn ein ny bustad.

Takkar for hjelpa

– Eg taklar ikkje å sjå andre har det vondt, så eg prøvar å gjere små ting for at dei rundt meg skal få det betre, seier Holvik-Eriksen.

Brann, Måløy 24.05.2017

BUSTADFELT: Familien var busett i ein kommunal bustad, og blir no flytt til ein annan stad.

Foto: Eva Westvik

Familien har tre barn på eitt, fem og seks år. Alabdullah er takksam for hjelpa dei no får.

– Det er veldig flott at Tone hjelper oss. Tusen takk til ho og alle andre som vil hjelpe oss, seier han.

Har alt samla inn mykje

Innsamlinga skal vare i to veker, og allereie første dagen var det innsamla beløpet på over 30 000 kroner. Tone Holvik-Eriksen håpar at enda fleire vil ønske å gi for å glede andre.

– Eg håpar at folk vil vise at vi støttar alle i samfunnet. At vi bryr oss og viser omsorg til alle, seier ho.