NRK Meny
Normal

Brann i kommunal bustad i Måløy

Ei kvinne var åleine i huset då det byrja å brenne. Ho er i sjokk, men kom frå det utan skader, seier politiet.

Brann i einebustad i Måløy

SLØKKING: Brannvesen fekk raskt kontroll over brannen ifølge politiet. Huset har fått store skader.

Foto: Eva Westvik / NRK

Politiet fekk melding om brannen klokka 13.34 onsdag ettermiddag. Bustaden høyrer til kommunen, og det budde åtte syriske personar der.

Laster Twitter-innhold

– Berre ein person var til stades då det tok til å brenne, og ho kom seg raskt ut. Ho er i sjokk, seier innsatsleiar i Nordfjord, Roger Gundersen.

Brannen starta i hovudetasjen, men ein veit enno ikkje årsaka til at det tok til å brenne. Ifølge politiet var brannvesen raskt på plass og fekk kontroll på brannen.

– No er det ikkje lengre opne flammar, men det er ein del røyk, seier Gundersen.

Brannvesen, politi og ambulansepersonell har rykt ut til ein brann i sentrum av Måløy.

Alle dei andre som bur i huset er gjort greie for. Dei to syriske familiane blir teke hand om av den kommunale krisetenesta. Både lege og ambulanse kom til staden.

Politiet vil starte etterforsking i kveld, og skal undersøke åstaden så snart tomta er klar for det.

Brann, Måløy 24.05.2017

BRANNVESEN: Brannvesenet var raskt på plass og fekk driv ettersløkking i bustaden.

Foto: Eva Westvik
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.