Politiet ber folk halde avstand frå området

FLORØ (NRK): Ni personar er sende til sjukehus etter røykutvikling ved den største oljeforsyningsbasen i Noreg. Fleire hundre tilsette er evakuerte.

Fjord Base

TANKAR: Det var ei blanding av maursyre og nitrat som førte til uhellet på industriområdet.

Foto: DAVID ANTONSEN / FIRDAPOSTEN

– Dei som kjenner på eit ubehag er svimle og tungpusta, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Tatjana Knappen.

Det var Firdaposten som først omtalte saka. Ei feilblanding av maursyre og nitrat førte til at det utvikla seg både gass og røyk ved Fjord Base i Florø. Fjord Base er Noreg sin største oljeforsyningsbase målt i areal.

Over 40 personar er sett til av helsepersonell på staden. Ni personar er lagt inn på Førde sentralsjukehus for observasjon. Helse Førde har auka beredskapen og har rådført seg med Giftinformasjonen etter uhellet i Florø.

Helse Førde kan ikkje utelukke at fleire blir sende til sjukehus for observasjon.

Det blir kalla inn fleire folk til akuttmottaket og sett inn ekstra ambulansar. 44 personar blir sett til av helse.

Utslepp FjordBase i Florø

HER BLIR TILSETTE SJEKKA: Over 40 personar blir sett til av helsepersonell i dette lokalet.

Foto: Raymond Lidal / NRK

– Vi vurderer å samle personane på eit hotell og la helsepersonell observere tilstanden. Ubehaget kan utvikle seg, seier innsatsleiar i politiet, seier innsatsleiar Gunnar Englund.

Avhøyr

To personar har forklart seg om kva som skjedde då maursyre og nitrat blanda seg.

– Det gir salpetersyre og kan ved sterk konsentrasjon gi irritasjon og skade. Dette er truleg svært tynn blanding. Det er luftvegane vi er mest opptekne av, seier beredskapssjef i Helse Førde, Terje Olav Øen.

Politiet gjer undersøkingar på staden.

Først blei alle innan 200 meter evakuerte, før heile Fjord Base blei evakuert.

– Vinden snudde og fleire tilsette melde frå om ubehag. Vi bestemte oss for å evakuere heile området. Vi tek fortløpande ei vurdering på kor lenge dette vil vare. Evakueringa har også eit økonomisk perspektiv, seier Englund.

Utslepp FjordBase i Florø

AVHØYR: Politiet har gjort avhøyr etter uhellet på Fjord Base.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Måtte halde seg inne

Over 500 personar jobbar på industriområdet for Fjord Base. Blant desse er Jon Håvard Strømsnes. Han fekk først beskjed om å halde seg inne på kontoret.

– Vi skulle halde vindauga stengde og halde oss inne, men det var langt frå dramatisk, seier Jon Håvard Strømsnes.

Saman med fleire hundre tilsette måtte han sette seg i bilen og ta turen heim.

– No må eg finne ut av kva eg skal bruke dei neste timane på, seier han.

Etsande damp

Forskar Åsmund Røhr Kjendseth ved Norges miljø. og biovitskaplege universitet forklarar kva som kan skje dersom maursyre vert blanda med nitrat.

– Det vil utvikle mykje varme, og i den dampen som vert forløyst kan det vere mykje maursyre. Du vil då få ein etsande og irriterande damp som spreier seg, seier Kjendseth.

Han legg til at han uttalar seg på generelt grunnlag, og at det kan vere sidereaksjonar som han ikkje kjenner til.

– Men først og fremst er det verste den varme maursyregassen som kan bli frigitt, seier Kjendseth.

Han legg til at innanding av denne gassen vil merkast godt på kroppen.

– Det vil nok vere svært smertefullt ved høge konsentrasjonar. Maursyre luktar litt som eddik, det er sterkt. Så ein vil nok reagere på dette ved låge konsentrasjonar, før det blir farleg, seier Kjendseth.

Maursyre i seg sjølv er eit giftig kjemikalie.

– Når det kjem gjennom lufta på denne måten så vil eg tru det er etseskadar som er det farlegaste, seier Kjendseth.

Fjord Base

KAI F: Det er ved tankane i området kai F feilblandinga skjedde.

Foto: NRK-TIPSAR