Hopp til innhold

Slik kan dei bruke telefonen som verktøy - men forbundet meiner for få brukar appen

Norges Blindeforbund lanserte i fjor haust ein app som simulerer synshemningar. No har dei fått mykje skryt, men ønsker at fleire skal ta i bruk appen.

Synssimulator

NORMALT SYN OG DÅRLEG SYN: På venstre sida er det eit vanleg bilete og på andre sida er det ei bilete frå appen som er stilt inn på sjukdomen renitis pigmentosa, ofte kalla kikkertsyn. Sjå fleire døme i galleri lenger ned i saka

Foto: Oddbjørn Myklebust Opsal / NRK

– No har vi moglegheita til å gripa augeblinken og gje folk ei oppleving umiddelbart i ein gitt situasjon, seier Heidi Sårheim frå Norges Blindeforbund

Sårheim ønsker at fleire vil bruke appen, særleg dei som arbeider med arealplanlegging, prosjektering og arkitektar.

Kan vere eit nyttig verktøy for fleire

Heidi Sårheim står ved trappa nedanfor Førde Rådhus og viser appen. Den brukar det innebygde kameraet og viser korleis denne trappa ser ut for ein med grå stær.

Trappa er i lysegrå betong og stein og nivåforskjellane blir omtrent usynlege.

–Eg trur at for ein med grå stær vil det vere vanskeleg å sjå kontrastane i denne trappa, og det kan vere for gjort å stige utfor kanten, seier ho.

–Trur du denne trappa ville vore annleis om arkitekten hadde fått brukt appen de har laga?

– Det er godt mogleg. Dei ville i alle fall hatt moglegheita til å danne seg eit bilete av korleis ein som er synshemma ville ha oppfatta dette i forkant, seier Sårheim.

(saka held fram under biletet)

Heidi Sårheim

EFFEKTIVT VERKTØY: Sårheim viser appen

Foto: Oddbjørn Myklebust Opsal / NRK
Hilde Sårheim

TRAFIKK OG SVAKSYNTE: Ofte eit problematisk område for svaksynte og blinde

Foto: Oddbjørn Myklebust Opsal / NRK

–Vi som har jobba med dette prosjektet vonar verkeleg at mange vil ta den i bruk, særleg dei som skal lage inne- og uteområde i samfunnet i tillegg til dei andre gruppene.

Ho vonar den kan vere med på å skape rom for mangfald og forståing.

Berit Holme arbeider som nettopp arealplanleggar i Førde Kommune og seier at den ikkje er veldig relevant for akkurat den jobben ho gjer, men seier den verkar veldig bra.

–Den er veldig funksjonell og ein god illustrasjon på utfordringar, og eg har brukt den meir privat enn i arbeidet sitt, seier Holme

Synssimulatoren

Appen brukar kameraet i ein smarttelefon/nettbrett, og har eit stilisert filter som viser korleis ein augesjukdom påverkar synet.

Det betyr at om eit lurer på korleis eit område eller unik situasjon vil vere med ein særmerkt sjukdom, kan ein sjå det umiddelbart. Sjå fotogalleri under!

–Vi som har arbeidd fram denne appen, er frykteleg stolte, og med tanke på tilbakemeldingane vi har fått, har vi all grunn til det, seier Sårheim.

Ho er dagleg leiar i fylkeslaget i Norges Blindeforbund Sogn og Fjordane og ho fortel at fram til no er applikasjonen lasta ned 1250 gongar.

Dei har fått positiv respons frå mellom anna Arkitekthøgskulen, Utdanningsforbundet, optikarar og pårørande. Den har fått god medieomtale og den blei òg kåra til "Ukas app" i Aftenposten.

Heidi Sårheim

STOLT: Dagleg leiar i fylkeslaget til Norges Blindeforbund i Sogn og Fjordane, Heidi Sårheim

Foto: Privat

Viser det positive

Sårheim syns det er eit godt poeng at den også er fin når ein skal vise ting som fungerer for svaksynte/blinde.

Søylene i uterommet til rådhuset har ein kontrastfarge til veggen bak. Dette kunne ha vore problematisk, men fargane gjer det lettare å oppdage at der er ei søyle, også når ein har ein synssjukdom.

stolper amd

KONTRASTAR: Her ser ein godt stolpane, sjølv med ganske svekka skarpsyn

Foto: Oddbjørn Myklebust Opsal / NRK
stolper grøn stær

KONTRASTAR: Grøn stær kan gjere at store delar av synsfeltet forsvinn

Foto: Oddbjørn Myklebust Opsal / NRK