Hopp til innhold

Holsæter nøgd med debuten trass i at poenga glapp på slutten

– Vi hadde drege det i land, hadde vi berre ikkje fått straffen, seier Ruben Holsæter, som debuterte frå start for Sogndal mot Rosenborg på Lerkendal.

Songdals Ruben Holsæter og Rosenborgs Jonas Svensson

DEBUTERTE: Ruben Holsæter er nøgd med debuten, trass i tap.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

– Dette var eit utruleg bittert og surt tap. Eg er heilt sikker på at vi hadde rodd det i land, hadde vi ikkje fått straffe mot oss, seier debutant Ruben Holsæter.

Heller ikkje han er heilt sikker på kva som skjedde i 16-meteren til Sogndal, men han trur det var halding som førte til at bortelaget fekk ein straffe mot seg.

Mista piffen

Straffen vart sett av John Chibuike for Rosenborg, men Kenneth Udjus redda. Borek Dockal banka så returen frå Udjus i mål i 75. minutt, og då gjekk lufta ut av Sogndal-laget.

– Vi spelte bra i første omgang. I andre omgang låg vi kanskje litt lågt på bana. Men det var ein tung kamp med høgt tempo, seier Holsæter.

Han legg ikkje skjul på at trønderane held eit høgt nivå.

Nøgd med debuten

– Tempoet er høgt, langt høgare enn eg er van med, seier Holsæter, som tykte det var artig å spele mot RBK.

– Eg er nøgd med debuten, og innsatsen var heilt ok. Det er klart det er artig å spele mot Rosenborg, det er litt sånn a-ha-oppleving. Eg har liksom berre sett dei på TV før, og no fekk eg spele mot dei, seier Holsæter.

– Billig straffe

Even Hovland legg ikkje skjul på at tapet er utruleg bittert.

– Er ein tøff kamp, vi må forsvare oss lenge. Vi står godt på og får ein-null etter ei kanonscoring av Ulrik. I andreomgang murar vi godt att, men så får vi eit billeg straffespark i mot oss som er med på å øydeleggje. Då får Rosenborg ein ekstra giv til å trøkke på dei siste minutta, og då blir vi det tapande laget, seier Hovland, som er kritisk til heile straffedømminga.

– Dommaren meiner det er halding inne i feltet, men når vi ser det på TV så er det ingen som reagerer på det. Viss dette er straffe, så er det mykje anna det kan bli straffe for og i løpet av ein kamp. Eg tykkjer dette er ekstremt billig, seier Hovland oppgitt.

– Nedrykk er ikkje eit tema

– Rosenborg var nok det beste laget, så slik sett vann dei vel fortent. Men det er så bittert at målet skulle komme av ein slik billig straffe. Hadde det vore to vanlege mål, skulle eg ikkje sagt noko, seier Hovland, og definerer tapet som ufatteleg bittert.

Han vil like vel ikkje snakke om nedrykk, sjølv om Sogndal sårt hadde trengt dei tre poenga dei var nære på å få.

– Nedrykk er ikkje eit tema. Vi går for å berge plassen. Ny kamp søndag heime mot Brann. Vi får brette opp ermane og stå distansen.

Ulrik Flo heada Sogndal overraskande i leiing allereie i 16.miinutt borte mot Rosenborg på Lerkendal. Men heimelaget scora seint men godt, og sikra tre poeng til trønderane.

Uklar hending i 16-meteren

Rosenborg hadde fleire sjansar til utlikning i første omgang, men hadde ikkje marginane på si side. Sogningane kunne såleis gå til pause på stillinga 0–1.

Ikkje før i 75. minutt klarte trønderane å utlikne. Scoringa kom etter at Rosenborg var tildømt straffe etter ei nok uklar hending i 16-meteren til Sogndal.

Punkterte kampen rett før slutt

I 82. minutt klarerte Even Hovland rett i beina til Chibuike, som finta ut Scheel og sette ballen via stolpen og i mål frå 11 meter.