Anders Mõckelind har vore sakna i Bergen sidan tysdag.
Både hundeekvipasjar, leitemannskap og luftambulanse er sett inn i søket etter svenske Anders Mõckelind. Han er sakna frå bustadadressa si i Strangehagen 2 i Bergen.
Ingen har høyrt eller sett noko til han sidan tysdag kveld, og det var systera hans som meldte han sakna.
Personalia
Anders Mõckelind er omlag 196 cm. høg og har noko lutande gange. Då han forsvann var håret litt lengre enn på fotografiet av ham, omlag ned til skuldrene. Han snakkar svensk.
Det er ikkje sikkert kva han var kledd i då han forsvann, men han kan ha vore iført ein mørk blå anorakk med lomme på brystet og lyse brune sko.
Går ofte tur i fjellet
- Me veit at mannen går ein del i byfjellene, og difor er me interessert i opplysningar frå folk som eventuelt har sett han der, seier operasjonsleiar Per Stiegler i Hordaland Politidistrikt til NRK.
Det er ikkje mistanke om at det ligg noko kriminelt bak forsvinninga.
- Men me er redde for kva som kan ha skjedd med han, fortel Stiegler.
Politiet ber om at folk som har observert den sakna tar kontakt med Bergen Sentrum politistasjon, tlf. 5555 6300.