I april i fjor blei det kjent at selskapet Vikinglandet Utvikling AS jobbar med å planane om eit 300-400 mål stort Vikingland på Haugalandet.
I slutten på november blei Fosen i Karmøy kommune i Rogaland trekt fram som ei mogleg lokalisering for temaparken som etter planen skal opna i 2017.
Seier ikkje kor i Sveio dei vil ha det
LANSERER SVEIO: Sveio-ordførar Ruth Eriksen meiner fleire stadar i Sveio kan vera aktuelle som plassering for Vikingland.
Foto: PrivatNo kastar Sveio kommune i Hordaland seg inn i kampen, og Sveio-ordførar Ruth Eriksen (H) seier til Haugesunds Avis at ho synest det hadde vore kjekt å fått temaparken til Sveio.
Ordføraren har ifølgje avisa seld inn fleire moglege plasseringar for Vikingland, men ho vil ikkje seia kor i Sveio kommune desse er.
Prosjektkoordinator Odd Erik Salvesen seier til NRK at det per no er vanskeleg å seia kor sannsynleg det er at Vikingparken kan hamna i Sveio.
– Først må me sjå om me klarer å få til prosjektet totalt sett, men det er klart at Sveio har absolutt interessante lokaliseringsmoglegheiter, seier Odd Erik Salvesen, til NRK.
Sentral plassering er hovudkriteriet
UTELUKKAR IKKJE SVEIO: Ifølgje prosjektkoordinator Odd Erik Salvesen har Sveio interessante lokaliseringsmoglegheiter.
Foto: Thomas Halleland / NRKNærleik til E39 var ein av grunnane til at Fosen blei trekt fram som ei god plassering, og nærleik til hovudvegar er avgjerande når plasseringa for Vikingland skal veljast.
– For det første må det ligga sentralt i forhold til Bergen og Stavanger, og det gjer jo Sveio. Det må også ligga sentralt i forhold til Hordfast og Rogfast når dei kjem på plass, seier Salvesen.
– Me er cirka ein million menneske her og å ha ei plassering midt i regionen blir då viktig. Det er viktig også i forhold til turisme, me har over 70 internasjonale ruter, og me vil gjerne at flest mogleg skal ta turen innom, forklarer Salvesen.
Plassering blir truleg avgjort i 2014
Vikingland skal etter planen bli ein tradisjonell temapark med karusellar og show, men det skal også innehalda ein «infotainment»-del som gir informasjon om vikingane og vikinghistoria.
– Viss me lukkast med å løfta dette prosjektet saman i Hordaland og Rogaland så har me moglegheiter til å ha det klart i 2017-2018, seier prosjektkoordinatoren om opninga av Vikingland.
– Når avgjer de kor Vikingland vil komma?
– Mest sannsynleg i løpet av det første halve året, kanskje i løpet av 2014. Det er litt avhengig av framdrifta i forprosjektet me jobbar med å få finansiert i 2014, seier Odd Erik Salvesen.