Ho meiner dei ikkje respekterer eiga helsereform.
- Politikarane skal hjelpe oss med råmene våre, og ikkje så mykje på detaljnivå. Når vi har ein føretaksmodell, så blir det feil når Stortinget blandar seg inn i enkeltsaker, seier Sunde som ved nyttår gjekk av frå Helse Vest-styret.
- Skal jobbe med økonomi
Søndag gjorde manglande pengar og bindingar frå eigarane at styremedlem i Helse Førde, Kjell Opseth, kasta korta og trekte seg. Sunde er lite nøgd med jobben stortingspolitikarane har gjort.
- Eg ynskjer at dei skal jobbe med gode økonomiske råmer, seier ho og nemner økonomisk skeivfordeling på rehabilitering, underbetalte fedmeoperasjonar og eit finansieringsystem som virkar dårleg i eit fylke med få innbyggarar og spreidd busetnad.
- Ingen kommentar
Seinast før jul skreiv samtlege Stortingsrepresentantar brev til statsråd Sylvia Brustad om å vurdere nedlegginga av sengeposten ved Florø nærsjukehus på nytt. AP- politikaren Sunde meiner dette viser at Ingrid Heggø og Reidar Sandal ikkje respekterer partiet sitt eige vedtak om helsereforma.
NRK har snakka med både Reidar Sandal og Ingrid Heggø om kritikken frå Sunde, men begge nektar å kommentere saka. Årsaken er at dei ikkje ynskjer ein debatt med partifellen i media, Heggø seir ho vil ta den på tomannshand.