Hopp til innhold

Suksess­trenaren med ny kontrakt: – Eg vil gje tilbake for alt Brann har gitt meg

Han har tatt Brann frå midten av Toppserien til europatoppen. Martin Ho takkar nei til andre europeiske klubber, og satsar på å gjere Brann til stabil toppklubb.

Martin Ho, hovedtrenar SK Brann Kvinner

Martin Ho gjer siste førebuingar før kampen mot St. Pölten på Åsane Arena.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Følg Brann–St. Pölten i Meisterligaen på NRK 2 og NRK P1 Hordaland frå klokka 18.30.

– Eg er framleis ung, nesten som eit barn når det gjeld å vere trenar. Brann har gitt meg tillit, og eg vil gje tilbake, seier Martin Ho (33).

Nyleg skreiv han ny kontrakt. No er han bunden til klubben dei neste tre åra. Det skjer etter eit europa-eventyr som har vakt oppsikt.

Ho har fått interesse frå fleire klubbar, både i Skandinavia og i Europa elles.

Den tidlegare assistenttrenaren i Liverpool, Everton og Manchester United innrømmer at det finst klubbar det ikkje er mogeleg for han å takke nei til.

Men no er det fullt fokus på Bergen og Brann.

– Målet er å skape ein plattform for meir suksess. Eg har verkeleg tru på at det er mogeleg her, saman med dei andre leiarane i klubben, seier engelskmannen.

Brann trener på Åsane Arena

Brann trener på Åsane Arena.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Spelarane glade for forlenginga

Ho har nettopp leia siste trening før den sjette kampen i Champions League.

Spelarane kjem hutrande inn frå kulden på Åsane Arena. Signala frå trenaren varmar.

– Han ser oss som heile menneske. Ikkje berre som brikker på taktikktavla, seier midtbanespelar Rakel Engesvik.

Rakel Engesvik, SK Brann Kvinner

Rakel Engesvik skryter av trenaren sin.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Keeper Aurora Mikalsen supplerer.

– At Martin slår fast at han vil bli her er ei anerkjenning av heile klubben. At den gjer noko rett.

Då Ho tok over Brann i juli i fjor var det lite som fungerte. No er dei klare for kvartfinale i den gjævaste klubbturneringa.

– Han har fått oss til å tru på det vi held på med, seier Rakel Engesvik.

Men Martin Ho er ikkje den einaste som er ettertrakta frå europaheltene i raudt.

Martin Ho

Martin Ho skreiv ny kontrakt denne veka. No er han bunden til klubben dei neste tre åra.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

Vil ha meir stabile spelarstallar

– Det er jo sånn at Champions League er eit fantastisk utstillingsvindauge, seier sportsleg leiar Aleksander Olsen i SK Brann Kvinner.

– Det har blitt eit par telefonar frå klubbar som vil sjekke status på spelarane våre. Vi veit at mange av dei største klubbane føl godt med.

Før fjorårssesongen måtte Brann ta farvel med stjerner som Tuva Hansen, Guro Bergsvand og Lisa Naalsund.

Aleksander Olsen (38). Sportsleg leiar i SK Brann Kvinner.

Aleksander Olsen er sportsleg leiar i SK Brann Kvinner.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Olsen seier at jobben hans er å bremse utskiftningstakten, og trur ikkje det same vil skje i år.

– Vi er i posisjon no til å seie nei. Vi har økonomi til å tilby lengre kontraktar. Signala eg får no er mest at Brann er ein meir attraktiv klubb enn nokon gong tidlegare.

Og trenar Ho sin kontraktforlenging er ein del av dette, meiner Aleksander Olsen.

Ho Ho Snaddermat, tifo Martin Ho, Brann - Lyon på Åsane Arena

TIFO: Brann-supporterane laga eit eige banner til ære for Martin Ho. Dei spelte på den bergenske kinarestauranten Ho Ho Snaddermat.

Foto: Morten Talhaug

Takkar by og supporterane

Både trenar og sportsleg leiar meiner ramma ein opplever rundt kampane er ein viktig del av det som gjer Brann attraktiv no.

– Eg set stor pris på dei, og opplever at dei set stor pris på meg, seier Martin Ho.

Atmosfæren er noko av det han har sett mest pris på i Bergen.

Men det viktigaste for at Brann skal bli verande ein toppklubb og oppleve nye Europa-eventyr er det han sjølv og spelarane som må syte for.

– Skal vi vere attraktive må vi ha suksess. Og eg trur Brann har ein plattform for å levere godt i mange år framover.

Og det vert altså truleg med ein ung engelskmann ved roret.