Hopp til innhold

Styrer mot underskot på 26 millionar – no vil styret vurdere strukturen

Helse Førde er i ferd med å gå på ein ny økonomisk smell. For å få råd til blant anna milliardinvesteringar ved sjukehuset i Førde, opnar styret no for å sjå på strukturen for å spare pengar.

Styremedlemmer i Helse Førde: Atle Hamar (t.v.) og Helge Bryne.

MANGLAR PENGAR: Styremedlem Helge Bryne (t.h.) kom med benkeforslag om å sjå på strukturen i Helse Førde for å spare pengar. Til venstre styremedlem Atle Hamar. I bakgrunnen konst. adm.dir. Børge Tvedt og styreleiar Agnes Landstad.

Foto: Bård Siem / NRK

Styret i Helse Førde hadde ingen lett oppgåve då dei i dag behandla langtidsbudsjettet og investeringsplanen for dei neste fem åra. Ein etter ein tok styremedlemmene ordet og fokuserte på kor vanskeleg den økonomiske situasjonen er.

Prognosar syner at føretaket i år styrer mot eit underskot på 26 millionar kroner, mens ein budsjetterte med eit overskot på 15 millionar. Altså ein differanse på 41 millionar kroner.

Det passar dårleg når det same føretaket sårt treng pengar til å finansiere investeringar på over ein milliard kroner dei komande åra.

Storparten går med til utbygging og ombygging av sjukehuset i Førde, men det er også planlagt store investeringar i medisinteknisk utstyr, IKT-utstyr og nye ambulansar.

– Må sjå på strukturen

I tillegg må det kuttast for å få veksande driftsutgifter i balanse med inntektene. Helse Førde har alt varsla at dei vil ha med kommunane på samtalar om korleis ambulanse-tilbodet bør organiserast i framtida.

Børge Tvedt, administrerande direktør i Helse Førde og styreleiar Agnes Landstad.

VANSKELEG: Styreleiar Agnes Landstad har gitt konstituert administrerande direktør Børge Tvedt vie fullmakter i å kome opp med forslag til kutt for å få balanse i budsjettet til Helse Førde.

Foto: Bård Siem / NRK

– Dette vert ei krevjande langtidsbudsjett for at vi skal klare å gjennomføre dei investeringane og nybygga vi alt har vedteke. For å få dette til må vi ha overskot på budsjettet for å klare å finansiere eigendelane i investeringane. Så langt i 2017 slit vi med å nå budsjettmålet. Det betyr at vi må gjere endringar både i 2017 og åra som kjem for å kunne gjennomføre desse planane.

– Og det er i denne samanhengen vi seier at vi og må sjå på struktur, sa styreleiar Agnes Landstad til NRK.

Benkeforslag

Punktet i styrevedtaket som gir administrasjonen fullmakta til å greie ut strukturelle endringar, kom etter eit benkeforslag frå mangeårig styremedlem Helge Bryne. Han utdjupa ikkje i møtet kva han legg i omgrepet struktur i denne samanheng.

I teorien opnar vedtaket for at administrasjonen også kan vurdere nedlegging av institusjonar, men styreleiar Agnes Landstad avviser tydeleg at styret har diskutert så drastiske tiltak.

I staden nemner ho at samanslåing av sengepostar eller avdelingar kan vere meir aktuelle tema å sjå på.

Sal av eigedomar

– Kva legg du i å vurdere struktur?

– Det har vi ikkje teke stilling til. Vi har no berre opna opp for kva administrasjonen kan sjå på framover, då styret er einige i at dette er ein av dei tinga vi må sjå på. Sal av eigedomar og sjølvsagt drifta av organisasjonen må vi og sjå på.