Hopp til innhold

Studentar fortvilar over at høgskulen held eit heilt digitalt semester

Pandemien er over, men Høgskulen på Vestlandet køyrer eit heilt semester digitalt. Lærarstudentane føler seg lurte av skulen.

Høgskulen på Vestlandet

Heile femte semester på lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet er digitalt. Det får studentane til å reagere.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Det er veldig kjipt når vi har søkt oss inn på eit fulltidsstudium på ein campus, seier Mari Starheim Nese. Ho er lærarstudent ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Ho valde Bergen fordi campusen kunne tilby fleire fag og eit større studentmiljø.

Men i september fekk ho og medelevane beskjed om at det femte semesteret blir gjennomført digitalt.

Det stikk kjeppar i hjula for både det sosiale og det faglege, meiner studentane.

– Læringsutbytet er mykje dårlegare enn når vi møter opp på skulen og treffer klassekameratar og lærarar og får diskutert det faglege. I tillegg misser vi mykje sosialt når vi sit heime på ein dataskjerm kvar for oss.

Ho fryktar at fleire vil droppe ut av studiet.

Mari Starheim Nese

– KJIPT: Mari Starheim Nese er ikkje veldig nøgd med å måtte ta eit digitalt semester denne hausten.

Foto: privat

Les også Mathilde (22) fortviler over forelesningene:– Enklere å sitte hjemme

Mathilde Brun Melgård

Satsar digitalt

– Vi har eit ønske om å gi alle studentane i grunnskulelærarutdanninga eit breiast mogeleg fagval. Derfor er det bestemt at alle fag i femte semester er det vi kallar for «Vestlandsklasse».

Det seier Anne Grethe Naustdal. Ho er prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet.

Vestlandsklassene er eit studietilbod der undervisninga er heilt eller delvis nett- eller samlingsbasert. Slik kan HVL tilby fleire valfag på dei ulike campusane i Stord, Sogndal og Bergen.

Anne-Grethe Naustdal, prorektor for utdanning på høgskulen på vestlandet.

Prorektor for utdanning ved HVL, Anne-Grethe Naustdal, meiner den digitale undervisninga gir eit breiare fagtilbod.

Foto: Høgskulen på Vestlandet

Naustdal meiner at eit digitalt femtesemetser styrkar utdanninga og jamnar ut forskjellane mellom dei ulike campusane til høgskulen.

– Sjølv om noko av undervisninga er digital, har studentane moglegheit til å vere på campus, dei kan sitte i lag og sjå på undervisninga, diskutere og jobbe.

Viktig å få studentane tilbake på campus

Maika Marie Godal Dam, leiar av Norsk studentorganisasjon, meiner at det er viktig å få studentane tilbake i fysisk undervisning.

– Utdanningsinstitusjonen skal legge til rette for eit godt læringsmiljø, og vi veit at studentar trivest og lærer best når dei er saman.

Maika Maria Godal Dam

Leiar for NSO, Maika Maria Godal Dam, er opptatt av at studentane må tilbake på campus.

Foto: William Jobling / NRK

Ifølge ho har studentar rett på høg kvalitet i utdanninga. Digital undervisning skal derfor ikkje vere ei erstatning, men eit supplement, meiner Dam.

Samstundes kan digital undervisning også ha positive sider.

Noko av det veldig positive med dei digitale løysingane og den digitale kompetansen vi har fått i høgare utdanning, er at undervisning kan vere tilgjengeleg for fleire studentar.

Mest fysisk undervisning

Ved UiT – Noregs arktiske universitet har dei i likskap med HVL lærarutdanning ved campusar i Alta, Tromsø og Harstad.

Det meste av undervisninga er fysisk på campusane. Likevel har dei to valfag i Tromsø kor studentane frå campusen i Alta kan delta delvis digitalt, for å gi eit breiare fagval.

Ved Universitetet i Agder (UiA) og NTNU er all planlagd undervising på lærarutdanninga fysisk. Ved UiS er det også svært lite digital undervisning på utdanninga.

Også OsloMet har for det meste fysisk undervisning, men med noko digitalt innslag.

Prorektor for utdanning ved OsloMet, Silje Fekjær, viser likevel til at digitalt undervisning kan vere nyttig for å sikre eit godt fagtilbod på tvers av campusar.

Trass større fagval, skulle lærarstudent Mari Starheim Nese ved HVL, helst sett at undervisninga var fysisk.

– Det blir kanskje større, men det blir ikkje betre. Å ha undervisninga digitalt er mykje dårlegare enn å ha det fysisk på campus.

Les også Aurora (19) og Stine (19) vil ha digital undervisning – nå blir de kanskje hørt

Aurora Molnes Hagelund (18) og Stine Longva Veddegjerde (18) ønsker at digital undervisning skal være et tilbud også på videregående skole og ungdomsskolen.