Minst fem tilsette i kvar barnevernsetat er det som skal til for å sikre eit godt nok tilbod, meiner barneombod Anne Lindboe. Er kommunane for små er det nødvendig med samarbeid med andre kommunar.
I Stryn kommune har dei berre 3,6 tilsette, og i fjor sa kommunestyret nei til å samarbeide med kommunane rundt.
Ordførar Sven Flo seier til NRK at han meiner ting fungerer bra slik det er i dag, sjølv om han gjerne skulle hatt fleire tilsette. Det har også helse- og sosialsjefen i kommunen lyst på. Ho vedgår at teneste er sårbar, til dømes når folk blir sjuke.
– Også i Sogn og Fjordane fylke samanheng har vi ei lita bemanning, med 3,6 årsverk. Vi skulle sjølvsagt ønskje oss meir, slik ein gjer på mange kommunale arbeidsområde.
– Men eg meiner vi gjer ein anstendig jobb, presiserer helse- og sosialsjef Berit Wetlesen.
Vil dagens situasjon til livs
Barneombod Anne Lindboe sa på NRK i romjula at det bør vere minst fem tilsette i kvar barnevernsetat for å sikre gode og robuste fagmiljø.
Ho likar svært dårleg situasjonen som er i mange kommunar i dag. Statens helsetilsyn har slått fast at mange norske kommunar har ein så dårleg barnevernsteneste at den er uforsvarleg.
- LES OGSÅ:
Svært mange av landets kommunar er til dømes ikkje tilslutta barnevernet sin akuttberedskap, noko som ifølgje leiaren ved Alarmtelefonen for barn og unge kan føre til at barn ikkje får god nok hjelp.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
ROBUSTE FAGMILJØ: Barneombod Anne Lindboe meiner det må vere minst fem tilsette ved kvar barnevernsetat.
Foto: Henrik Brattli VoldMå vere fleire for å sikre godt nok tilbod
Barneombod Anne Lindboe har sett seg lei av situasjonen og meiner det er vanskeleg å få ting til å endre seg når det er lokalpolitikarane som står for prioriteringane. Ho vil difor endre lovene slik at alle kommunar er plikta til å ha ein akuttberedskap.
Til NRK sa Lindboe at det burde vere minst fem tilsette innafor ein barnevernsetat, og om kommunane er for små må ein opprette interkommunale samarbeid.
– Dette dreier seg om fleire ting. Det handlar om at ein ikkje er så sårbare for sjukdom og fråvær, men også at ein har nok kompetente personar som kan samarbeide og søkje råd og hjelp hos kvarandre, seier Lindboe til NRK.no.
Ho seier det er viktig å ha ein fagleg sterk kompetanse innan ein barnevernsetat, nettopp fordi jobben som skal gjerast kan vere krevjande og vanskeleg.
– Det kan vere vanskeleg og komplisert, til dømes når det gjeld å ta over omsorga for barn, eller setje inn tiltak i familiar. Då kan ein kome for nære innpå om barnevernstenestene er for små, seier Lindboe.
Takka nei til samarbeid
I Sogn og Fjordane er det allereie fleire kommunar som har inngått samarbeid. Dette gjeld mellom anna HAFS-kommunane og fleire kommunar i Sogn.
Men Stryn har altså sagt nei til eit slikt interkommunalt samarbeid. Dei har i dag 3,6 tilsette i barnevernet, men ville ikkje gå inn i noko samarbeid med nabokommunane Selje, Hornindal, Vågsøy og Eid.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Ordførar Sven Flo seier det var fleire årsaker til dette.
– Etter fleire vurderingar er det konkludert med at vi ikkje kan slutte oss til ei interkommunal barnevernsteneste for fem kommunar. Grunnen er i hovudsak knytt opp mot økonomi, uvisse ved dei faglege og ressursmessige følgjene knytt til store distrikt med lange reiseavstandar og ujamn mengde saker mellom kommunane.
– Vi har eit ønskje om å samarbeide med Hornindal, forhandlingar er gjennomført, og inntil vidare er ikkje avtalen inngått. Det er også viktig å satse på meir målretta samarbeid om kompetanseutvikling med nabokommunane, seier ordføraren.
Han meiner i tillegg at barneombodet må ta omsyn til skilnadene mellom by og bygd.
– Det er sikkert veldig greitt å tenkje tanken om samarbeid i tettbygde område med korte reiseavstandar. Men for vår del så vurderer vi det slik at det vil skape utfordringar fordi vi har så store geografiske område, seier han til NRK.no.
– Dette med å nå ut til, vere tilgjengelege og det å ha kunnskap om lokale forhold er også ting vi meiner er verdifulle i denne debatten.
(Artikkelen held fram under biletet)
FUNGERER BRA: Ordførar i Stryn, Sven Flo, seier han sjølvsagt kunne ønskje seg fleire tilsette, men meiner barnevernstenesta i kommunen fungerer godt.
Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRKForstår ikkje argumentasjonen
Barneombod Anne Lindboe meiner argumenta til Stryn-ordføraren fell gjennom.
– Det å samarbeide dreier seg ikkje nødvendigvis om å at alle fysisk må sitje på same kontor.
– Det handlar om å ha eit samarbeid slik at ein kan steppe inn for kvarandre, ein kan søkje bistand og avlasting og at ein til dømes kan ha ein døgnkontinuerleg vaktberedskap slik at barn får hjelp heile døgnet, seier ho til NRK.no.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Det fungerer bra
KS fekk nyleg gjennomført ei undersøking som syner at talet på born som får hjelp frå barnevernet har gått opp med over 50 prosent frå 2001 til 2011.
Ordføraren i Stryn har ikkje lagt diskusjonen om eit samarbeid med dei andre kommunane på is, men det er fleire ting som gjer at han helst vil halda fram slik som det er no.
– Eg som alle andre ordførar skulle gjerne hatt fleire stillingar i kommunen, men så blir det uansett ei prioritering.
– For vår del fungerer det bra slik det er per i dag, seier Flo til NRK.no.
Stryn-ordføraren seier vidare at barneombodet ikkje har kunne dokumentere dei økonomiske effektane av eit samarbeid mellom kommunane i Nordfjord.
Oppmodar til samarbeid
Barneombodet på si side skulle helst sett at kommunen prioriterte å få fleire tilsette i barnevernet.
– Eg må presisere at eg ikkje kjenner detaljane om barnevernstenesta i Stryn, men på prinsipielt grunnlag vil eg seie at 3,6 tilsette ikkje er veldig mange.
– Alle kommunar har ansvar for å drive ei forsvarleg og god barnevernsteneste i tråd med lova.
Og om det står på pengane er det måtar ein kan få meir ut av dei midlane ein har til rådvelde meiner Lindboe.
– Manglar ein midlar, så kan nettopp interkommunalt samarbeid vere ein måte å løyse det på, ved at ein får meir for pengane.
Stryn-ordføraren seier på si side at barneombodet ikkje har kunne dokumentere dei økonomiske effektane av eit samarbeid mellom kommunane i Nordfjord.
– Inntil ho kan dokumentere dette, meiner eg dette blir ein påstand utan belegg, seier Flo.