Hopp til innhold

Strid om fylket skal drive med «utanrikspolitikk»

Konferanse om papirlause flyktningar skapar bråk om kva fylkespolitikarar skal bruke tid og energi på.

Vestlandshuset

HAR NOK MED SEG SJØLV: Kan ein norsk fylkeskommune engasjere seg internasjonalt? Spørsmålet vekkjer debatt blant politikarane på det nye Vestlandshuset i Bergen.

Foto: Benjamin Dyrdal

Saka er 20. november kl. 1128 oppdatert med ei nyansering på meiningsinnhaldet til Høgre-politikar Elias Eide.

1. desember arrangerer Vestland fylke ein konferanse der tema er rettigheiter for papirlause migrantar.

Det er feil bruk av både tid og pengar, meiner Elias Eide, som representerer Høgre i fylkestinget.

Han meiner at dersom fylket skal engasjere seg i saka, så bør fylket heller bruke pengane dei papirlause, enn på ein konferanse om dei.

– Vi har meir enn nok å ta tak i på skule og på veg og på dei tinga vi faktisk har ansvar for, seier han.

I 2020 fremja Framstegspartiet eit forslag til Stortinget om å forby kommunar og fylkeskommunar å utøve «lokal utanrikspolitikk».

Bakgrunnen var fleire lokale vedtak om å boikotte varer frå Israel og Vest-Sahara.

– Nasjonen må tale med éi tunge i utanrikssaker, sa Christian Tybring-Gjedde (Frp) i forkant av voteringa.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) svarte på same tid at det var «ein fordel at Noreg står fram einskapleg i utanriks- og handelspolitikken, og at norske posisjonar på desse områda primært avklarast av regjeringa».

Frp fekk likevel ikkje med seg Høgre på lovforslaget, som falt med 71 mot 14 røyster.

Elias Eide, Høgre

Elias Eide (H) meiner fylkeskommunen må halde seg til eigne ansvarsområde.

Foto: Fredrik Mohn

I fjor vedtok Vestland fylke å løyve pengar til tannhelsehjelp til papirlause migrantar.

Dette i strid med prinsippet om at helsehjelp ikkje skal vere ein «pullfaktor». Altså ein faktor som trekkjer eller freistar papirlause migrantar mot Noreg.

Les også No kan papirlause Gziawi få hjelp med tennene

Portrettbilde av Gziawi Habtemariam Habteslasie

Del av samfunnsoppdraget

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp), avviser kritikken frå Eide.

– I eit godt og inkluderande samfunn er dette innafor det som fylkeskommunen skal gjere, seier han.

Han peiker på at konferansen er ei oppfølging av eit vedtak frå i fjor haust, og at fylkeskommunen har som oppgåve å vere ein samfunnsutviklar.

Vestland fylke vedtok i fjor haust å setje ned ei tverrfagleg arbeidsgruppe for å betre rettane til papirlause flyktningar i Noreg. I Vestland utgjer denne gruppa om lag 100 personar.

saka vart handsama i fylkestinget, fekk ho stort fleirtal.

Norske kommunar og fylkeskommunar er organiserte i KS. I debattheftet Internasjonal samarbeid skriv KS at «samfunnet blir stadig meir globalt» og at dette sin tur påverkar kva slags spørsmål norske lokalpolitikarar må ta stilling til.

KS oppretta eit eige kontor og «lyttepost» i Brussel for mange år sidan.

Jon Askeland

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, seier at det å følge opp dei papirlause flyktningane er rett å gjere.

Foto: Bård Siem / NRK

– Hardt å seie at dette går ut over eigne kjerneoppgåver

Trude Brosvik er gruppeleiar i KrF, og var blant initiativtakarane til arbeidet med papirlause flyktningar.

– Det er små midlar som er sett av til tiltaket. Så å seie at dette går ut over eigne kjerneoppgåver som veg og skule, er å ta svært «hardt» i, seier ho.

Brosvik får støtte av varafylkesordførar og gruppeleiar for Ap, Stian Davies.

Å påstå at arbeidet med skule og veg sviktar, er direkte tåpeleg. Fylkeskommunen gjer ganske mykje som ikkje direkte er lovpålagd, seier han.

Han legg til:

Dette er ei svært lita oppgåve samanlikna med dei store oppgåvene. Dette har vi tid og råd til.

Trude Brosvik

Trude Brosvik, gruppeleiar for KrF, meiner Eide tar hardt i.

Foto: Oddmund Haugen / NRK