Hopp til innhold

Streiken i Akasia er over: – No er alle glade i heimen

NYGÅRD BARNEHAGE (NRK): Den fastlåste streiken i kyrkjekonsernet er over. Letta småbarnsforeldre leverte barna i barnehagane i dag.

Beatrice Foss leverer i Akasia barnehage

BYRDE: Beatrice Foss og mannen har fått hjelp av hennar foreldre for å få endene til å møtast i tida streiken har vart. – Dette var ei byrde som er løfta frå våre skuldrer, seier ho tysdag morgon. Streiken var over klokka 06.15.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Streiken i Akasia er avblåst, 32 dagar etter at dei fire fagforeiningane Fagforbundet, Utdanningsforbundet, Delta og Lederne tok ut streik 5. mai.

– Det kjennest så bra. Me var så letta då me fann ut at Leon kan gå i barnehagen i dag, seier Katarztna Roginska.

Roginska er berre ein av mange svært letta småbarnsforeldre som kunne levera ungane som normalt i Skjold barnehage i Bergen tysdag morgon. Barnehagen har vore heilt stengd sidan 18. mai.

Beatrice Foss kom til barnehagen med sonen Karl og dottera Mari på armen.

Akasia Neshaugane barnehage

STENGD I EIN MÅNAD: Fleire av barnehagane i konsernet har vore heilt eller delvis stengd sidan 5. mai. Neshaugane barnehage i Arna har vore råka sidan 18. mai. 6. juni opnar drifta som normalt.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Dette har me venta på kjempelenge. Det er nesten litt tårer i auga her.

Familien Foss har vore avhengig av besteforeldre og ein forståingsfull arbeidsgjevar for å koma seg gjennom dei siste vekene. I dag kunne mamma Beatrice gladeleg konstatera at streiken er over.

Gjennomslag for hovudkravet

Den tvungne meklinga i kyrkjekonsernet Akasia førte til at partane blei einige om nye tariffavtalar. Løysinga inneber at pensjonsstriden er løyst og dei tilsette får etterbetalt lønnstillegg for 2016 og 2017.

Klokka 6.15 tysdag morgon, etter femten timar med tvungne forhandlingar, blei partane einige hjå Riksmeklaren.

– Det har vore tøffe tak og stor avstand mellom partane i det som er ein av dei tøffaste forhandlingssituasjonane eg har vore igjennom. Eg trur begge partar er nøgde med det som no kom ut av forhandlingane, seier Odd-Haldgeir Larsen, forhandlingsleiar og nestleiar i Fagforbundet.

Streikevakter i Skjold barnehage

STREIKEN ER OVER: Streiken mellom Akasia og dei fire arbeidstakarorganisasjonane er over. Dermed kan tilsette og over 1500 barn gå tilbake til barnehagane. Biletet viser streikevaktar i Skjold barnehage i mai.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Dei tilsette i Akasia får velja ein ytelsespensjon som svarar til den tidlegare ordninga dei hadde. Dei tilsette kan òg bli ståande i den innskotsordninga Akasia har i dag, dersom dei ynskjer det.

Barnehagane i Akasia, som har vore hardast råka av streiken, opnar i dag klokka 10. Fleire foreldre har teke barna ut av Akasia, medan andre har vore nøydde til å ta ut ferie medan streiken har gått føre seg. Etter fleire opptrappingar har 357 medlemer vore i streik, og alle 20 barnehagar i selskapet var tekne ut i streik. På det meste har 1500 born vore utan eit fullverdig barnehagetilbod dei vekene streiken har stått på.

– Me føler eit veldig ansvar når me tek tilsette ut i streik. Det rammar ein tredjeperson, og det er tyngande i lengda. Eg trur det er mange arbeidstakarar som i dag er glade for å kunna gå tilbake på jobb, seier Larsen.

Partane trekker rettssakene

Samstundes er det klart at dei to rettssakene i Arbeidsretten og Bergen tingrett, som var fastsett i august og september, vert trekt.

Partane sine rettstvistar knytt til pensjon er å sjå på som løyste og sakene blir trekte, opplyser partane.

– Me er nøgde med at me med meklaren si hjelp har kome til ei løysing slik at streiken i Akasia no er avslutta, seier administrerande direktør Anne-Kari Bratten i arbeidsgivarforeininga Spekter.

– Me er veldig glade for å opna barnehagane våre og starta opp att med dei tenestene våre som har lege nede i lang tid, seier administerande direktør Ove-Christian Fredriksen i Akasia.