Hopp til innhold

Streik råkar rusomsorg og barnehagar

Laurdag morgon er 81 tilsette i blant anna rusomsorg, private barnehagar og asylmottak over heile landet tatt ut i streik.

Rusomsorg i Frelsesarmeen

I STREIK: Fleire tilsette i Frelsesarmeen er blant dei som er i streik frå laurdag morgon.

Foto: Frelsesarmeen

Årsaka er brot i meklinga mellom Fagforbundet, Fellesorganisasjonen, Parat og NHO om løns- og arbeidsvilkår for høgskuleutdanna tilsette innan helse og velferd.

Streiken råkar blant anna fleire av Frelsesarmeen sine bedrifter rundt om i Noreg.

Frelsesarmeens fem barnehagar er råka av streikeuttaket. Her er 31 personar, nær halvparten av dei tilsette, er tatt ut i streik.

– Vi kan ikkje halde oppe full drift. Vi vil så lang det lar seg gjere prioritere barn med spesielle behov og barn av foreldre med samfunnskritiske yrke, seier assisterende kommunikasjonssjef Andrew Hannevik i Frelsesarmeen.

Redusert bemanning

Bu- og omsorgstilbodet Bakkegaten rusomsorg i Bergen, er også råka av streikeuttaket.

– Tre tilsette er tatt ut i streik. Drifta haldast oppe, men det blir noko redusert bemanning på enkelte skift.

Streiken gjeld også ei rekkje ulike barnehagar, asylmottak, butilbod og rehabiliteringssenter i heile landet.

Desse er tatt ut i streik:

Birralee International Kindegarten Trondheim AS

Barnehage

6

Trøndelag

ECURA BO OG HABILITERING AS

Ekne

1

Trøndelag

FRELSESARMEEN

Regnbuen Barnehage

17

Oslo

FRELSESARMEEN

Rusomsorg Bakkegaten

2

Vestland

FRELSESARMEEN

Auglendsdalen Barnehage

8

Rogaland

FRELSESARMEEN

Trollstua Barnehage

4

Viken

FRELSESARMEEN

Solgry Barnehage

2

Viken

FREMTIDEN BARNEHAGE EIENDOM AS

Barnehage

1

Vestland

Grenland folkehøgskoles barnehage as

Barnehage

8

Vestfold/Telemark

HERO Norge AS

Trondheim mottak

1

Trøndelag

HUMAN CARE BO AS

Salangen

1

Agder

HUMAN CARE UNG AS

3 forskjellige arbeidssteder-Kontor Kristiansand, Kontor Arendal og Farsund

4

Agder

Norlights Montessoribarnehage Drammen AS

Barnehage

2

Viken

OPPTRENINGSSENTERET I FINNMARK - 864926

14

Tromsø/Finnmark

RINGEN REHABILITERINGSSENTER AS

5

Innlandet

Stiftelsen FINNMARKSKOLLEKTIVET AS

2

Tromsø/Finnmark

Ekspander/minimer faktaboks

Vil trappe opp streiken

Forhandlingsleiar Anne Green Nilsen i Fagforbundet er skuffa over utfallet.

– Vi ønska ikkje konflikt, men opplever at NHO ikkje har vilja komme oss i møte på nokon punkt. Det endar då opp med at vi må ta i bruk det kraftigaste kampmiddelet vårt streik, seier ho.

Fagforbundet har varsla at dei vil trappe opp streiken dersom det ikkje kjem til noko semje mellom partane.

Totalt vil 124 arbeidstakarar bli tatt ut i streik frå 14. januar.

Parat sin forhandlingsleiar, Kjell Morten Aune, seier til at hovudmålet var å få til ei større grad av likeverd i lønns- og arbeidsvilkår mellom offentlege verksemder innan velferdsområdet og private velferdsaktørar.

– Dessverre viste NHO og landsforeiningane ikkje tilstrekkeleg vilje til å komme oss i møte under meklinga, seier Aune.

Meiner dei har dårlegare lønsutvikling

NHO synest ikkje det er ansvarleg av Fagforbundet og Parat å gå ut i streik no.

– Vi beklager at barnehagar, barnevern og omsorgsbedrifter er råka av streik. Det treffer sårbare brukargrupper. Dessverre klarte vi ikkje å finne ei løysing i natt, seier Melsom til NRK.

Bakgrunnen for konflikten mellom arbeidstakarane og arbeidsgjevarane er at Fagforbundet meiner at deira medlemer har sakka etter lønsmessig over fleire år, samanlikna med andre grupper.

– Vi har prøvd å få til eit ansvarleg streikeuttak. Men når vi går til streik som er det kraftigaste kampmiddelet, så går det jo utover nokon, slår Green Nilsen i Fagforbundet fast.

Illustrasjonsbilder fra barnehagemiljø

RÅKAR BARNEHAGAR: Barnehagar drivne av ideelle organisasjonar er omfatta av streiken.

Foto: Gorm Kallestad / NTB