Hopp til innhold

Støvsugar vekk e.coli

Gilde-konsernet går nye vegar for å hindre fleire ecoli-skandalar. I haust har dei gått til innkjøp av ein dampstøvsugar som skal fjerne all usynleg forureining i kjøtet.

Støvsuging av bakteriar på Gilde i Førde
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Ved Gilde sitt anlegg i Førde er dampstøvsugaren alt i full aktivitet.

Grundig støvsugde

Fabrikksjef Jakob Sætre viser stolt fram den nye maskina som skal sikre reint kjøt frå Gilde i butikkane. Ein etter ein blir saueskrottane grundig støvsugde.

- Prinsippet er at vi syg ut den usynlege forureininga som  måtte vere der. I tillegg sprøytar vi på varm steam, og då skal vi drepe mesteparten av overflatebakteriane.

Jakob Sætre
Foto: NRK Sogn og Fjordane

- Tek hygiene på alvor

For etter den store e.coli-skandalen der over femten personar vart sjuke og eitt barn døydde vil Gilde no vise at dei tek hygiene og reinhald på alvor. Støvugaren er importert frå Danmark, og vart installert i haust. Alt no merkar dei effekten, seier Sætre.

- Vi ser at talet på bakteriar går kraftig ned etter steaminga.

Skal gjenopprette tiltrua

Likanande støvsugarar er på plass ved alle av Gilde sine småslakteri, og det har kosta konsernet kring tre og ein halv millionar kroner. Informasjonssjef i Gilde, Tor Olav Brandtzæg, seier dette berre er eitt av fleire tiltak dei no set i verk for å gjenopprette tiltrua hjå forbrukarane.

- Vi gjer alt som er mogeleg for at tiltrua sklal vekse.