Hopp til innhold

Støvmasker fungerer dårleg på skjeggete menn

Skjeggete menn som er utsett for mykje støv på jobben lever farleg. Arbeidstilsynet åtvarar mot dårlege eingongsmasker.

Einar Nilsson

KAN VERA HELSEFARLEG: Einar Nilsson, kjent frå oppussingsprogrammet Tid for heim på TV 2, er ikkje godt nok beskytta når han bruker denne støvmaska, ifølge yrkesmedisinske ekspertar på Haukeland sjukehus. Det finst betre løysingar.

Foto: PER VIDAR RAUNHOLM / NRK

Kjellaren som handverkar Einar Nilsson pussar opp blir fort fylt av store mengder støv. For å beskytta seg brukar han ei vanleg kvit støvmaske over munn og nase.

– Eg er opptatt av at eg ikkje skal pusta inn alle slag moglege partiklar, gips og støv frå sparkling. Det finne støvmaskar for den slags, og det bør ein bruka, seier Nilsson.

Og det rådet blir følgt av mange. Problemet til Nilsson og mange andre menn er skjeggveksten.

Et viktig nasjonalt tema

Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) jobba 229.000 nordmenn i bygg- og anleggsbransjen i 2014, og talet er aukande. Arbeidstilsynet åtvarar mot dårlege eingongsmasker.

– Pustemasker er ein del av verneutstyret. Det er viktig at bruken blir kartlagt og vurdert av arbeidsgjevar og arbeidstakar i fellesskap, seier pressekontakt Per Olav Hernes i Arbeidstilsynet.

Han fortel at temaet også er viktig innan bergverksindustrien. Sydvaranger gruver køyrde for ein tid tilbake et eige prosjekt på støv der de spesiallaget masker til sine tilsette.

Støvmaske

SKJEGG TIL BRY: Yrkeshygienikar Randi Hag viser NRK sin reporter Per Vidar Raunholm korleis skjegget gjer at støvmaska fungerer dårleg.

Foto: PER VIDAR RAUNHOLM / NRK

Ikkje tett nok

Skjeggete menn som er utsett for mykje støv på jobben eller pussar opp heime, lever farleg viss dei berre brukar vanlege støvmasker.

– Du får rett og slett ikkje god nok tetting når du har skjegg, seier sivilingeniør Randi Hag.

Ho er yrkeshygienikar på yrkesmedisinsk avdeling på Haukeland universitetssjukehus og har over 20 års erfaring med å greia ut pasientar som har pådratt seg yrkesrelaterte skadar og sjukdomar.

– Maska gjev falsk tryggleik. Ein trur at ein er verna frå farlege stoff, og då gjer ein gjerne meir uforsiktige ting. Finstøvet går rett ned i lungene, noe ein bør unngå. Om dette skjer over lengre tid, eller støvet er veldig giftig, kan ein få varige helseplager av dette.

– Bør vera nybarbert

Tilbake i kjellaren til Einar Nilsson går rivearbeidet vidare. Støvmaska gjer ein forskjell meiner han.

– Eg får ikkje så veldig mykje støv inn i nasen, men no byrjar eg å kjenne etter om skjegget slepp inn litt likevel.

LES OGSÅ: Gammel trussel gir fortsatt sykdom

Heildekkande maske

Løysinga er ei plastmaske som dekker heile ansiktet og som bles inn rein luft via ei vifte.

Randi Hag

FORSKJELLIG UTSTYR: I arkivskapa på yrkesmedisinsk avdeling på Haukeland universitetssjukehus ligg støvmasker i alle variantar.

Foto: PER VIDAR RAUNHOLM / NRK

– Det treng ikkje vera heilt tett rundt maska, men det er viktig at det er eit overtrykk, slik at ein ikkje pustar inn falsk luft. Det er gjerne ei dyrare investering, men sjølve maska kan ein bruka fleire gongar.

Yrkeshygienikaren er klar på ein ting:

– I teorien burde ein vera nybarbert når ein tar på seg ei maske, men skjegget veks jo i løpet av dagen.