- Dette er uvirkeleg. Ein må nesten klypa seg i armen, seier Inge Børslien som er leiar for folkeaksjonen for Jondalstunnelen.
Kva meiner du om at Jondalstunnelen er endeleg vedteken? Sei di meining nedst i artikkelen.
Betre samband
Tunnelen skal knyta Jondal saman med Kvinnherad og Odda, og vil gjera E-134 over Haukeli raskare mellom Bergen og Oslo. Med Jondalstunnelen vil det verta om lag 40 minuttar kortare å køyra denne vegen.
Det er venta at bygginga av tunnellen skal starta i slutten av 2009, og at bygginga vil pågå i tre år.
- No ventar me berre på at dynamittsalvene skal gjalla melllom fjella i Hardanger, seier Børslien.
Nøgd
- Næringslivet i Jondal har venta lenge på denne avgjerda. Tunnelen vil mellom anna gjera Folgefonna og sommarskisenteret lettare tilgjengeleg, seier ordførar i Jondal, Sigrid Brattabø Handegard.
Vedtaket i Stortinget i dag var samrøystes.
Lang historie
Vegen fram mot det endelege vedtaket har vore lang. Les litt av historia her: