Hopp til innhold

Vil freda bygd

Bygda Nordrepollen er verneverdig. Det meiner lokale eldsjeler, som vurderer å be riksantikvaren om hjelp til å freda heile bygda.

Nordrepollen
Foto: NRK

Også Naturvernforbundet i Hordaland vil freda Nordrepollen. Dei kallar den planlagde vegtraséen gjennom bygda for galskap.

- Det er det glade vanvidd! rasar Kai Grieg i Naturvernforbundet.

 

Nordrepollen
Foto: NRK

 

Trassa protestane

Grieg har følgd debatten om kor traséen til Jondalstunnelen skal liggja svært tett.

Etter år med diskusjon, vedtok kommunestyret i Kvinnherad for ei veke sidan å trassa protestar og tidlegare vedtak.

Dei røysta difor ja til å leggja vegen gjennom fjordbygda Nordrepollen.

- Riksantikvaren siste sjanse

No ser grunneigar Nils Flatebø Riksantikvaren som siste sjanse.

- Ja, me vurderer no å forsøka å få heile bygda freda. Gransking viser at det kan ha vore busetjing her inne for så langt attende i tid som 3000 år sidan, fortel han.

Og det å få verna ei heil bygd er ikkje umogeleg. 

Trongt nålauga

Tre bygdemiljø i Noreg har allereie status som verneverdige. Nålauga er likevel svært trongt.

- Sjansen er liten, men ikkje lik null, seier Kjell Andresen, som er seniorkonsulent hjå Riksantikvaren.

- Har du kjennskap til Nordrepollen?

- Eg var der for 15 år sidan, men eg har ikkje vurdert bygda i kulturmiljøsamanheng. Eg kan difor ikkje uttala meg fagleg om Nordrepollen.

Strenge restriksjonar

Det han kan seia er at om bygda skulle bli verna, blir det strenge restriksjonar på kva inbyggjarane kan gjera. Det gjeld til dømes husbyggjing, skogfelling eller utbyggjing.

Men den prisen er grunneigar Flatebø villig til å betala.

- Svært mange av oss som bur her meiner at det er verdt å ofra litt for dette, fortel han.

 

Nordrepollen
Foto: Illustrasjon: / NRK