Hopp til innhold

Jondalstunnelen møter hindringar

Jondalstunnelen kan øydelegge uerstatteleg kulturlandskap. Bonde ber riksantikvaren frede garden hans.

Bonden Per Flatebø i Nordrepollen i Hardanger fryktar at den planlagde vegen mellom Nordrepollen og Jondal vil rasere kulturlandskapet på det 300 år gamle gardsbruket hans.

Husmannsplass for baroniet

Gardsbruket med namnet Køylo er verna som kulturminne av Kvinnherad kommune.

Fram til år 1900 var gardsbruket husmannsplass til baroniet i Rosendal.

Likevel vart det vedtatt å leggje vegen mellom Nordrepollen og Jondal, som er ein del av fylkesvegprosjektet med Jondalstunnelen, tvers gjennom gardstunet.

Flatebø er oppgitt over det som har skjedd.

- Det er berre det siste vedtaket som er gyldig. Når det vert gjort eit nytt vedtak, fell det førre vekk. Så då det vart aktuelt med veg til Jondalstunnelen, så vart det gjort eit nytt vedtak om å la vegen gå her.

Flatebø har difor bedt riksantikvaren om å frede garden hans.

 

Verna gardsbruk, Nordrepollen
Foto: Rebecca Strand / NRK

 

Kommunen klandrar fylkeskommunen

Rådmann i Kvinnherad kommune, Trond Sætereng, er overraska over at Flatebø vil ha garden sin verna.

- Eg har jo vore klar over at det har vore ei alvorleg sak for fleire grunneigarar i Nordrepollen, men at det er ein som vil gå til det steget å be om freding av eigedomen sin, verkar jo veldig alvorleg.

Kvinnherad kommune klandrar fylkeskommunen for at valet fell på denne løysinga, som også var den billegaste løysinga.

- Hordaland fylkeskommune har sagt at viss Jondaltunnelen skal verte ein realitet, må ein velje det billegaste alternativet – og det er det som går gjennom Nordrepollen. I si tid vedtok jo Kvinnherad kommune at ein skulle gå inn for eit alternativ som gjekk bak bygda. Men det er berekna til å koste meir, difor er det vorte vurdert som uaktuelt.

Riksantikvaren har no sendt søknaden om freding til fylkeskonservatoren for handsaming.

Per Flatebø er redd for at økonomien endå ein gong vert utslagsgjevande i vedtaksprosessen.

- Eg trur ikkje ein har så mykje å stille opp med mot dei som vil ha vegen. Det er nok berre økonomiske omsyn som vert teke.

- Rett og slett for dumt

Noregs Naturvernforbund har klaga reguleringsplanane for Jondalstunnelen til miljøvernministeren, slik at Nordrepollen kan verte halde i hevd.

Fagmedarbeidar for Naturvernforbundet i Hordaland, Kai Grieg, er frustrert over måten saka er handtert på.

- Det er jo litt absurd at ein vernar ein gard fordi han skal takast vare på og så i same augneblink leggje ein veg tvers gjennom same garden. Det er rett og slett for dumt.

Generelt er det gjort mange tiltak for at vegbygging skal ta omsyn til samfunnsinteresser, fortel Grieg.

- Ingen av desse omsyna er tatt i denne saka. Viss denne vegen vert lagt tvers gjennom bygda, er det som å seie at plan- og bygningslova ikkje gjeld i Hordaland.