– Det kjendest som ei æve. Men det var ikkje lange tida det tok. Når eg først såg ambulansen, var det som å sjå englar, seier Severin Ervik.
Responstid er tida det tek frå du ringer 113 til hjelpa er på plass. I dag er det tilrådde responstider – 25 minutt i utkantstrøk og 12 minutt i tettbygde strøk.
No har Stortinget vedteke at responstider for ambulansetenesta skal vere lovfesta.
I slutten av januar var Ervik glad ambulansen var nær då han tilfeldig kom forbi ein mann som hadde fått hjartestans medan han var ute og moka snø på Bryggja i Nordfjord. Ervik sette i gang hjarte- og lungeredning, og fekk hjelp av andre forbipasserande.
Etter 10–12 minutt var den første ambulansebilen på staden. Så kom ambulansehelikopteret.
– Eg visste at no tek dei over, folk som verkeleg kan det, fortel Ervik.
REDNINGSMANN: Severin hoppa ut av bilen då han skjønte at det var noko gale med mannen i vegkanten
Foto: PRIVATKostnader ikkje greidd ut
Det er opposisjonen i Stortinget som har stemt gjennom forslaget om lovfesting.
– Det har vore målsettingar om dette sidan 2000, men helseføretaka har ikkje greidd å oppnå dette i kommunane. Lovfesting er viktig fordi det gir eit heilt anna krav om at dette skal ein oppnå, seier Kjersti Toppe, stortingsrepresentant for Senterpartiet.
Vedtaket er særleg viktig for utkantkommunar med lang veg til andre akuttenester, meiner Toppe.
Frida Melvær er stortingsrepresentant for Høgre, som stemte imot forslaget.
– Det er krevjande å stille krav om responstid i forskrift med det busetjingsmønsteret og den geografien Noreg har, seier Melvær.
Ho viser til at Akuttutvalet som den raudgrøne regjeringa sette ned tilrådde ikkje å forskriftsfeste responstid. I staden har regjeringa følgt opp det akuttutvalet tilrådde – ein nasjonal kvalitetsindikator for responstid, legg ho til.
– Dei økonomiske og administrative konsekvensane av vedtaket er ikkje greidd ut, og det er heller ikkje synleggjort i innstillinga eller i merknadane korleis dette er tenkt finansiert, påpeiker Melvær.
Få kommunar greidde kravet
– Dette er noko vi har kjempa for i mange år. Det gjer at folk skal kjenne seg trygge på å få ambulanse innan ei viss tid, og at dei som kjem har lik kompetanse, seier Ola Yttre, leiar i Ambulanseforbundet Delta.
Forbundet har i to rundar besøkt 130 kommunar ulike stader i landet. Berre 13–14 av desse greidde tilrådingane om responstid, fortel han.
– Det er langt frå bra nok, seier Yttre.
- Les også:
Må styrke budsjetta
– I akutte situasjonar har det veldig mykje å seie. Ved ein hjartestans eller eit hjerneslag betyr minutta veldig mykje, seier Leiv Johnny Fjellro, tillitsvald i Fagforbundet for ambulansetilsette i Helse Førde.
– Vedtaket vil få noko å seie for kor ambulanseressursane er og få betydning for drifta.
Fjellro fortel at dei i dag ofte har ambulansar på såkalla beredskapspunkt ulike stader i Sogn og Fjordane for å dekke området på ein god nok måte.
MINUTTA TEL: I akutte situasjonar er minutta viktige, seier tillitsvalt Leif Johnny Fjellro.
Foto: PRIVATNår responstidene blir lovfesta trur han bruken av slike beredskapspunkt kan auke. Det er ikkje ei gunstig løysing fordi ambulansearbeidarane ikkje har tilfang på opphaldsrom for å ete og kvile, fortel han.
– Alternativet er å auke talet ambulanseressursar og å gjere dei dagbilane ein har i tenesta om til døgnbilar. Det er viktig at ein ser at det ligg mykje økonomi i dette, seier Fjellro.
Han understrekar at det vil vere av stor betydning kva ressursar som skal tilfredsstille krava til responstid ute i kommunane – om det dreier seg om ein fullverdig ambulanse eller ein einmannsbetjent bil.
– Eg er bekymra for det sistnemnde, seier han.
– Når det skjer uheldige hendingar og ved akutt sjukdom er det viktig at folk får hurtig hjelp, seier Toppe.
Foto: Ingrid Aarekol / NRKStortinget har vedteke lovfesting, men ikkje fastsett kva responstidene skal vere framover. Det må fastsettast ut frå faglege retningslinjer, seier Toppe.
– Kva må til i praksis for at ein skal greie å halde fastsette responstider?
– Det må ein greie ut, men det er ingen tvil om at ein må styrke ambulansetenesta og budsjetta for å få det til, seier Toppe.