– Eg begynte på jobb klokka 1430 i går og var ferdig kl. 0920 i dag tidleg.
Slik startar lege Hanne Edøy Lossius skildringa si av korleis det er å vere lege på Haukeland sjukehus, i ein facebook-post.
Grunnen er debatten om direktørlønningane i helseføretaket Helse Nord.
Dette var også tema i Debatten-sendinga torsdag. Toppsjefen i Helse Nord, Marit Lind, stilte opp for å svare om dei høge leiarlønningane i helseføretaket. Ho har sjølv ei samla godtgjersle på 3,2 millionar kroner i året.
Renate Larsen og Anna Lind i Helse Nord.
Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK– Vi har dessverre ikkje den same tilgangen på kompetente medarbeidarar i nord, sa Lind på Debatten torsdag kveld.
I same debatt har det komme kritikk mot lønna til kommunikasjonsdirektøren i Helse Nord. Lønna er 1,8 millionar kroner med ekstra feriedagar og heimekontor.
Det får legen på Haukeland til å reagere.
– På tide med ein fot i bakken
Legen på Haukeland seiar til NRK at ho er kritisk til at det blir kutta i tilbod, samtidig som mange har direktørtitlar og lønningane deira aukar.
– Som firebarnsmor og med ein sambuar som pendlar 50 prosent av tida, ønsker eg meg også heimekontor enkelte dagar. 1.8 millionar kroner er over dobbelt så mykje som min faste grunnlønn som LIS-lege i anestesi, står det i innlegget, som no har fått over 54.000 reaksjonar.
Styreleder i Helse Nord Renate Larsen til Helgemorgen: – Vi har kompetente folk i Nord-Norge
NRK har sendt kritikken til Helse-Nord som stadfestar lønna. Dei svarer ikkje konkret på denne kritikken frå Hanne. Svaret til føretaket kan du lesa lenger ned i saka.
Facebookinnlegget har blitt delt over 9000 gongar
Foto: Skjermdump frå FacebookHo ber om ein fot i bakken på kor Helse-Noreg står.
– Det er mogleg eg er farga av pasientmøte, dei som har mista sine kjæraste, hjartestartarar, akuttcallingar, gul saft i farta, alarmar, og søvnlause netter- og derfor ikkje ser verdien i det folk som Marit Lind og kompetente kommunikasjonsdirektørar bringar inn i det offentlege helsevesenet. Men eg trur det er på tide å ta ein skikkeleg fot i bakken her, avsluttar ho innlegget.
Hanne Edøy Lossius er kritisk til lederlønningene
Foto: Privat / Privat- Også Helse Nords kommunikasjonsstrategi har fått kraftig kritikk, mellom anna frå dagleg leiar i Nordnorsk kommunikasjon, Inger-Gunn Sande.
Får støtte frå kollegaene
Lossius får støtte frå forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen i sjukepleiarforbundet.
– Reaksjonen frå sykepleiarar og legar langt framme i tenesta oppfattar eg som den ektefølte frustrasjonen som vi saman har varsla om lenge.
Larsen seier at lønna til enkelpersonar ikkje er hovudfokuset, men helsepersonell, som er den størst utfordring å rekruttere.
– Derfor har eg foreslått at helseføretaka også brukar lønn som verkemiddel når dei skal rekruttere den fagkompetansen dei har størst mangel på.
Lossius får støtte frå forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen i sjukepleiarforbundet.
Foto: NRKLege: Handlar om meir enn berre lønningar
Lossius meiner at debatten handlar om meir enn berre leiarlønningane til enkeltpersonar, men sjølve helseføretaksmodellen.
Helseføretaksmodellen vil seie at sjukehusa blir eid av føretak, eid av staten som i stor grad drivast som private selskap.
– Vi er i ein situasjon i Noreg der det blir kutta i veldig mange pasienttilbod. Det manglar personell, det blir kutta i legestillingar og det blir kutta i personell, seier Lossius.
Også visepresident i Den norske legeforening, Yngvild Skåtun Hannestad, er bekymra for situasjonen på sjukehusa.
– Utan ein tydeleg kursendring står spesialisthelsetenesta i fare. Vi treng føreseieleg og berekraftig finansiering, og ein organisering som gir fagfolk tid og handlingsrom til pasientbehandling.
Helse Nord: – Skal ikkje delta i debatten
Jan Eskil Severinsen, kommunikasjonsrådgivar ved Helse Nord stadfester lønna og heimekontordagane til kommunikasjonsdirektøren. Han presiserer at dette er ein stilling med særleg uavhengig og ledande stilling.
Vidare skriv han at den politiske debatten er ikkje noko dei tek del i.
– Helseføretaksmodellen politisk vedtatt. Debatten om modellen skal vidareførast, eventuelt med justeringar, eller erstattes, er ein politisk debatt som Helse Nord som et regionalt helseføretak ikkje skal delta i.