Hopp til innhold

Skred sopa livsverket rett i elva

Eit grusomt syn møtte folk då dei endeleg kom seg opp til det som ein gong var husa på Ommedalsstøylen.

Ommedalsstøylen

LAGT FLATT: Det var eit trist syn som møtte eigarane av dei tradisjonsrike bygningane på Ommedalsstøylen.

Foto: Sivert Jan Ommedal

Eit av av dei mest tradisjonsrike stølsmiljøa i Sogn og Fjordane, Ommedalsstøylen i Hyen er hardt rasert etter uvêret i jula.

Seks av 16 bygningar er jamna med jorda, ytterlegare to har store skader. Det eldste bygget som har gått tapt, har stått der i meir enn hundre år.

– Den eine bygningen som så vidt eg veit har stått der lengst, den var i alle fall frå 1886. Den var totalrestaurert og med eit heilt nytt tilbygg. Vi var der oppe for fire veker sidan og gjorde siste finpussen, fortel Sivert Jan Ommedal.

Ommedalsstøylen sommar

VAKKER DAL: Stølsområdet ligg vakkert til i fjellheimen i Hyen. No er fleire av husa øydelagt av stormen.

Foto: Ronny Solheim

Bygningane utsletta

Det vart eit kjensleladd møte med øydeleggingane etter «Dagmar» for Sivert Jan og dei andre med stølshus i området.

– No er det utsletta, både stølshuset vårt og fjøsen vår. Det er jo klart at dette er materielle ting, og vi er jo sjeleglade for at det ikkje gjekk folk tapt. Men eg må berre vere ærleg på at dette er ganske tøft.

La sjela si stølen

38-åringen og familien har satsa på gardsdrift i Ommedalen, og dei ville satse på tradisjonell stølsdrift. Alt basert på det generasjonar har gjort før dei. Ingen Sivert Jan har snakka med etter stormen, har nokon gong høyrt om noko liknande.

– Det er ikkje nokon som har tenkt at dette kunne skje. Dette er jo noko som eg har pusla med i så mange år no, og lagt sjela mi i, fortel 38-åringen.

Vil byggje opp att

Alle familiane som no er råka av juleorkanen sine herjingar på Ommedalsstøylen, er likevel samde om ein ting. Husa på stølen skal byggjast opp att.

– Dette er berre forferdeleg trist. Ommedalsstøylen har vore så viktig for alle oss som har hatt hus der oppe og vore ei perle i alle år, sler Tove Hanne Ommedal fast.