Hopp til innhold

Resirkulering av isopor har vore ei klimanøtt – denne maskina kan løysa problemet

ØYGARDEN (NRK): Isoporavfall er blant dei største kjeldene til marin forsøpling, men blir i liten grad resirkulert. No skal nye maskiner gjera det lettare å gjenvinna.

ISOPOR:

PRESSMASKIN: Gjenvinningsstasjonen ved Skogsvåg i Øygarden har fått ein ny maskin som kan komprimera isopor. Vaktleiar Richard Saure (t.v.) og Rasmus Hammersland (t.h). handterer avfallet der.

Foto: Åge Algerøy

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er heilt utruleg. Ein trur det ikkje før ein ser det, seier vaktleiar Richard Saure.

Lange fingrar av metall riv isoporen i småbitar. Den nye pressmaskina på gjenvinningsstasjonen ved Skogsvåg i Øygarden er brutal, men effektiv.

Ut kjem ei kompakt isoporblokk, klar til transport for gjenvinning.

Isopor er eit plastprodukt med meir enn femti års nedbrytingstid. I verdssamanheng er plastproduktet det ein finn nest mest av som marint avfall i havet.

Likevel blir svært lite av det innleverte isoporavfall ved norske avfallsanlegg resirkulert. Det aller meste blir brent, slik det også blir når isoporemballasjen hamnar i restavfallet heime.

ISOPOR:

TO I LANDET: I dag har Norsirk to isoporpressarar ved to returstasjonar i landet; ei i Øygarden og ei i Stavanger.

Foto: Åge Algerøy

Vinn-vinn

Vaktleiaren trur at mange føler på frustrasjon etter ein handletur og kjem heim med mykje papp- eller isoporemballasje.

– No inviterer vi alle til å koma hit og levera isopor, gratis. Dette er vinn-vinn og skal koma alle ledd til gode, seier han.

Fordi isopor består av 98 prosent luft, har det vore vanskeleg å komprimera og dyrt å transportera til gjenvinning.

– Tanken her er at ein får pressa ut lufta, gjer det til ein kompakt masse, som deretter kan fraktast økovennleg til eit gjenvinningsanlegg, seier Saure.

Isopor-forsøpling langs Glomma

ISOPOR PÅ AVVEGE: EPS-avfall er eit stort problem i naturen. Her langs Glomma i Fredrikstad.

Foto: Lars H. Pedersen / NRK

Veksande trend

Fagsjef for emballasje Eva Therese Maritdatter i Norsirk trur at det blir ein veksande interesse for gjenvinning av isopor framover.

– Dette er starten på ein trend. Vårt mål er at alt avfall som kan gå i et sirkulært kretsløp, skal gjera det, seier ho.

Selskapet, som er eitt av to returselskap for emballasje i Noreg, har no plassert ut to pressmaskiner i eit forsøk på å auka gjenvinninga av «verstingstoffet».

No finst det isoporpresser både i Øygarden og i Stavanger. Andre aktørar har utplassert tilsvarande maskiner andre stader i Noreg.

– Med denne metoden kan me garantera at me kan gjenvinna 90 prosent av det som blir komprimert, estimerer Maritdatter.

Versting på havet

Naturvernforbundet har tidlegare tatt til orde for eit forbod mot isopor i sjøen, etter episodar der strender har vore tilsølt av bitte små isoporbitar.

Materiale som har svært lang nedbrytingstid, som plast og isopor, utgjer eit spesielt problem som marint avfall.

Det er ein av grunnane til at Norsirk har plassert ei av pressene i den langstrakte kystkommunen Øygarden.

– Me har allereie merka stor interesse for å levera isopor, både frå private og næringsliv, seier Saure.

ISOPOR:

GJENVINNING: Skuleeleven Rasmus Hammersland (19) jobbar med pressing av isopor i Øygarden.

Foto: Åge Algerøy