Hopp til innhold

Mot slutten for Hydro-verk

– Det kan gå mot slutten for Hydro sine metallverk, seier hovudtillitsvald og styremedlem, Billy Fredagsvik.

Hydro Aluminium i Årdal

GÅR MOT NEDLEGGINGAR: Det går mot nedleggingar i Hyrdo dersom ikkje avgiftene blir mindre.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Billy Fredagsvik.

FRYKTAR NEDLEGGING: Billy Fredagsvik, hovudtillitsvald og styremedlem i Hydro.

Foto: NRK

I går åtvara konsernsjef Svein Richard Brandtzæg at nedleggingar kan vere like rundt hjørnet, om ikkje Hydro får frådrag for Co2-avgift og lågare straumprisar.

Fryktar nedleggingar

– Eg fryktar nedleggingar dersom ikkje avtalar snart kjem på plass, seier Fredagsvik til NRK.no.

Fredagsvik meiner langsiktige avtalar må på plass om det skal bli modernisering av norske verk.

Trur Hydro vil droppe Norge

– Det ser veldig mørkt ut for industrien. Avtalat må vere på plass innan to år. Visst ikkje trur eg Hydro kjem til å invistere i utlandet der ein slepp slike avgifter, seier Fredagsvik.

Han fortel at styret i Hyrdo har vore klare på at dei vil satse og vere i Norge dersom dei klarer å drive med avkasting.